«Kunnskap for framtida»

Forskingsgruppe for mediedesign

Dette er ei forskingsgruppe ved Høgskulen i Volda med mediedesign som fellesnemnar. Med mediedesign meiner vi medie- og kommunikasjonsforsking som tar utgangspunkt i utvikling og tilrettelegging av ulike former for innhald. Utviklingsdimensjonen står i fokus og vil gjennom ei mediedesign-tilnærming utforske kommunikative potensiale for nye former for medieinnhald. Forskningsgruppa samarbeider med andre enkeltforskarar og miljø med relaterte forskningsinteresser.

Bakgrunn

Ein kompleks, kontekstuell og situert mediekvardag aktualiserar eit forskingsfokus på mediumeigenskapar sin funksjon og tyding for ulike grupper menneske på ulike stader til ulike tider. Vi ringer ikkje lenger til ein telefon i ein heim, vi ringer ein person som befinn seg på ein bestemt stad. Nyheiter er ikkje berre noko vi les, men som vert lest på ei valgt plattform og vert forstått på ein bestemt stad. Dette påverkar kommunikasjonen vår.

Eit forskingsfokus på mediumeigenskapar inneber også eigenskapar som ikkje er etablerte eller finst frå før. Konstruksjon og design av eigne medietekstar, brukargrensesnitt, prosedyrer, system og andre element for mediert kommunikasjon og ei utforsking av dette, vert omfatta av ei slik forskingstilnærming. Ny og billigare teknologi gjer slike konstruksjonar av mediumeigenskapar lettare, og ein er ikkje lenger avhengig av store kommersielle aktørar for å utforske dette. I beste fall vil ei slik tilnærming kunne bidra til å designe faktiske alternativ og stille spørsmål ved etablerte medier og deira kommunikative eigenskapar.

Dei siste 15 åra har ein sett fleire eksempel på medieforskarar som «lagar ting», og begrepet mediedesign freistar å beskrive denne forskarpraksisen som baserer seg på slike tilnærmingar gjennom kreativ bearbeiding av mediumeigenskapar. Korleis media kunne ha sett ut er eit spørsmål som ofte ikkje vert stilt. Vi meiner det er ein del av medieforskarane si oppgåve og ansvar å utforske dei kommunikative potensiala ved nye samanstillingar av mediumeigenskapar og nye former for medieinnhald.

Forskingsinteressa til gruppa har eksistert i fleire år, men har vore organisert og fungert som ei forskingsgruppe ved HVO sidan februar 2015.

Formål

Tilby eit kollegialt forum for medie- og kommunikasjonsforskarar og lærarar.Bygge og utvikle eit miljø for forsking, kompetanseheving, rekruttering og samarbeid med næringsliv og andre forskningsinstitusjonar og enkeltforskarar innanfor samme forskningstilnærming.Bidra til utvikling av forskingsfeltet gjennom publikasjonar og konferansebidrag.Utvikle felles prosjektsøknader

Medlemmar 

  • Ivar John Erdal (gruppeleiar)
  • Kjetil Vaage Øie
  • Pål Aam
  • Jørgen Lyngvær
  • Torbjørn Frantsen
  • Dag Svein Roland
  • Carl Jørgen Nesset
  • Thomas Lewe
  • Tormod Utne
  • Ana Laws

Tilsette ved HVO eller andre institusjonar som er interessert i å vere med i forskingsgruppa, eventuelt som ekstern samarbeidspartnar, kan ta kontakt med gruppeleiar Ivar John Erdal på telefon 7007 5425 eller epost erdali@hivolda.no.

Samarbeidspartar

Institusjon

Kontaktperson

UH-nett Vest

Lars Nyre

Universitetet i Oslo

Gunnar Liestøl

Universitetet i Bergen

Lars Nyre, Astrid Gynnild

HiOA

Arne Krumsvik, Aina Landsverk Hagen

HiG

Jens Barland

Sunnmørsposten

Hanna Relling Berg

Verdsarv Geirangerfjord

Katrin Blomvik

Aktive prosjekt


Situert teknologi - formidling, oppleving og journalistikk


Prosjektperiode: 2015 - 2020
Personar: Ivar John Erdal (prosjektleiar), Kjetil Vaage Øie, Dag Roland, Carl Jørgen Nesset, Torbjørn Frantsen.

Dette er eit nyoppstarta prosjekt innanfor forskingsgruppa, som skal undersøke korleis mobile medier kan brukast med tanke på formidling, oppleving og journalistikk knytt til bestemte lokasjonar eller stadar. Innanfor dette er det lagt opp til to delprosjekt:

Delprosjekt 1 har vekt på bruk av situert teknologi knytt til formidling og oppleving, konkretisert opp mot bestemte stader i tilknytning til verdsarvområdet i Geirangerfjorden, med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv som ein samarbeidspartner.Delprosjekt 2 har vekt på situert teknologi og lokasjonsbasert journalistikk, med Sunnmørsposten som ein samarbeidspartner.

Prosjektet vil knyttast opp mot undervisning innanfor mediefaga ved HVO. Delprosjekt 1 er tenkt inn i undervisninga i to emne ved AKF: NFT102 - Outdoor Media Production, og MID211 Nye medium. AKF-studentane vil som del av sine studier engasjerast med å designe og utvikle lokasjonsbasert medieinnhald opp mot bestemte geografiske stader i verdsarvområdet. Delprosjekt 2 er tenkt inn som del av nettavispraksisen for journalistikkstudentar ved AMF. Journalistikkstudentane vil som del av sin nettavispraksis delta i design, utvikling og testing av prototypar på tenester knytt til lokasjonsbasert journalistikk i Sunnmørsposten.

Tidlegare prosjekt


Situert teknologi og kompetansebygging. Utvikling av ein mobil applikasjon for opplæring offshore


Prosjektperiode: 2011 - 2013
Personar: Kjell Antvort (prosjektleiar), Ivar John Erdal, Carl Jørgen Nesset, Torbjørn Frantsen

Dette VRI-prosjektet (Verkemiddel for Regional Innovasjon) var eit samarbeid mellom HVO og Island Offshore Management, avdeling Ulsteinvik. Prosjektet hadde som mål å utvikle nye opplæringsmetodar for den maritime næringa, nærare bestemt opplæring ombord på ein spesifikk klasse supplybåt av typen UT 776 E.

Forskings- og utviklingsspørsmåla var knytta til korleis digitale, mobile medieplattformer kan gje ein merverdi i høve til å betre vilkåra for kommunikasjon og refleksjon i læreprosessane, samt å dokumentere reell kompetanseutvikling. I tillegg til konferansepaper og bokkapittel, resulterte prosjektet i ein prototype av ein multimodal læringsapplikasjon for ipad.

Relevante publikasjonar frå forskingsgruppa

Erdal, I J, Frantsen, T, Nesset, C J, Antvort, K (2014) “Situert teknologi og kompetansebygging: Utvikling av en mobil applikasjon for opplæring offshore” i Det mangfaldige kvalitetsomgrepet. Fjordantologien 2013. Forlag 1. ISBN 978-82-8285-078-0. s. 321-334.

Aam, Pål Rune (2014) "Interaktiv historiefortelling med levande bilde. Det neste steget for dokumentarfilm og videonyheiter på nett." i: Hvor går dokumentaren? Nye tendenser i film, fjernsyn og på nett. Fagbokforlaget ISBN 978-82-321-0389-8. s. 221-241

Øie, Kjetil Vaage. "Location sensitivity in locative journalism: an empirical study of experiences while producing locative journalism." 2013. Continuum 27 (4):558-571. doi: 10.1080/10304312.2013.803307.

Aam, Pål Rune (2013) Fjernsynsforskaren - frå kritikar til innovatør Som døme: mediedesign av interaktiv video med levande bilde. Trondheim: NTNU (ISBN 978-82-471-4194-6) (phd-avhandling).

Erdal, I J, Antvort, K, Frantsen, T og Nesset, C J (2013) “Situated technology and compentence building. Development of a mobile application for offshore training”, paper presentert på Nordmedia 2013, Oslo.

Øie, Kjetil Vaage (2012) "Sensing the News: User Experiences when Reading Locative News." Future Internet 4 (1):161-178. doi: 10.3390/fi4010161. (Open Access)

Aam, Pål Rune (2012) "Hypernytt – biletejournalistikk på ny". I: Nytt på nett og brett. Journalistikk i forandring. Universitetsforlaget ISBN 978-82-15-02074-7. s. 147-161

Aam, Pål Rune (2012) "Hypernytt - ny videoteknologi for ei ny allmennkringkasting - ein studie av interaktive nyheiter med levande bilde". Norsk Medietidsskrift ;Volum 19.(3) s. 233-251

Erdal, I J, Antvort, K, Nesset, C J, Frantsen, T (2012) A mobile application for situated learning offshore, Høgskulen i Volda.

Nyre, Lars, Solveig Bjørnestad, Bjørnar Tessem, and Kjetil Vaage Øie (2012) "Locative journalism: Designing a location-dependent news medium for smartphones." Convergence: The International Journal of Research into New Media Technologies 18 (3):297-314. doi: 10.1177/1354856512441151.

Erdal, I J (2011) “Coming to terms with convergence journalism: Cross-media as a theoretical and analytical concept”. Convergence. The International Journal of Research into New Media Technologies 2011 ;Volum 17.(2) s. 213-224.

Aam, Pål (2010) "Hypernews: Hypervideo as the Link Between Episodic and Thematic Framing of TV-news". I: EuroITV '10 Proceedings of the 8th international interactive conference on Interactive TV&Video. ACM Press ISBN 9781605588315.

Aam, Pål Rune (2010) "TV-reportasjen 2.0 : ny teknologi - styrking av samfunnsoppdraget for TV- og videojournalistar". I: Journalistikkens samfunnsoppdrag. IJ-forlaget ISBN 978-82-7147-346-4. s. 213-235.