«Kunnskap for framtida»

Uhøfleg eller misforstått?

Ulike kulturar har ulike normer og reglar for høfleg framferd. Det som vert rekna som normal folkeskikk i Noreg kan støyte og fornærme i ein annan kultur.



Intensjonen er nok ikkje å være uhøfleg og respektlaus, men om ein ikkje kjenner til dei kulturelle kodane til andre kulturar, kan ein raskt verte oppfatta slik. Skal vi klare å samarbeide, må vi verte medvitne om korleis andre kan misforstå oss – og korleis vi sjølve kan misforstå andre. Å sjå eigne verdiar og prioriteringar verte vurderte frå andre synsvinklar kan vere både forvirrande, provoserande, morosamt og forbløffande – men alltid lærerikt!

Reidun Aambø, førstelektor i norsk som andrespråk, vil presentere mange små historier som illustrerer misforståingar og døme på kva ho sjølv og andre etniske nordmenn kan misforstå.

Gjennom 21 år har ho undervist utanlandske studentar frå 91 ulike land, ved høgskulen. Ho har òg publisert fagbøker og halde seminar og foredrag om fleirkulturelle emne i inn- og utland. Ho har skrive boka «Typisk norsk å være uhøflig?», som er utgjeven av Høgskulen i Volda.

 

Les meir i Forskningsdagene-bilaget i VG 18. september.

 

Tid: Måndag 24. september, kl. 18.00

Stad: Studenthuset Rokken