«Kunnskap for framtida»

Temadag - Media og 22. juli-åtaket

Under Forskingsdagane 2012 vart det arrangert temadag om media sine rollar og funksjonar i tida etter terroråtaket 22. juli. Arrangementet vart streama live av studentar ved Media, IKT og Design, ved Høgskulen i Volda. Opptaka er lagt ut her.


 

Mediedekninga etter 22. juli

Svein Brurås, førsteamanuensis i journalistikk, analyserte dekninga av terroråtaket og prosessen etterpå, frå fleire perspektiv. Pressa si rolle i ulike faser av saken vart belyst, journalistiske dilemma vart diskutert, og den norske pressedekninga vart samanlikna med dekninga av tidlegare terroråtak i andre land.

Skildring av arrangementet


Mediedekninga etter 22. juli
– Svein Brurås




Å dokumentere ein tragedie

I samband med forelesinga om mediedekninga av terroråtaket inviterte vi Tommy Gulliksen, regissør av Utøyadokumentarane En liten øy i verden, Et nytt liv og Tilbake til Utøya. Dokumentar-trilogien fylgjer overlevande frå massakren på Utøya i tida etter åtaket, under rettssaken, og på minnemarkeringa på Utøya i år. Vi var så heldige å få syne den siste filmen i trilogien – Tilbake til Utøya – som hadde premiere 12. september. Filmen vil vere tilgjengeleg på desse sidene til 15. oktober. Etter det må de sjå filmen på den nettbaserte betalingskanalen TV2 Sumo.

Skildring av arrangementet


Presentasjon av prosjektet med å lage dokumentartrilogi om Utøya-åtaket – Tommy Gulliksen og Steinar Høydal


Film: "Tilbake til Utøya" – Regi: Tommy Gulliksen. (Vart streama her i ein begrensa periode.*)


Tilgjengeleg på Tv2 Sumo


Paneldebatt om Utøya-dokumentarane – Tommy Gulliksen, Steinar Høydal, Svein Brurås, Henrik Bastiansen