«Kunnskap for framtida»

Rollepress i Arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning

Arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning vart etablert for å auke andelen av kvalifiserte førskulelærarar i dei norske barnehagane. Studentane på utdanninga er allereie tilsett ved ein barnehage, og under utdanninga fungerer denne som ein av praksisplassane til studentane. Studentane vert difor nøydde til å skilje mellom to ulike roller på same arbeidsplass – som tilsett og som student i rettleia praksis.

Korleis klarar studentane å sjonglere desse ulike rollene og rolleforventningane? Korleis støttar arbeidsgjevar og utdanningsinstitusjon studenten gjennom studiekvalifiseringa? Korleis påverkar deira partnarskapsavtale studenten sine mange og kryssande roller?

Dette er nokre av spørsmåla Torhild Høydalsvik, høgskulelektor ved Institutt for pedagogikk, ynskjer å finne svar på. Under Forskingsdagane presenterer ho resultata frå fyrste fase av ein forskingsstudie på rolleskiftingar i Arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning.

 


Tid: Fredag 21. september, kl. 12.00

Stad: Berte Kanutte-huset 159, Høgskulen i Volda