«Kunnskap for framtida»

Religiøse forteljingar i barnehagen

Får barn som høyrer til andre religionar enn kristendom høyre forteljingar frå sin religion, eller er det berre den kristne juleforteljinga som vert formidla? Er det skilnad på barnehagar med ulike føremålsparagrafar, eller på kommunale og private barnehagar når det gjeld kva religiøse forteljingar dei bruker?

Barn i barnehagen skal verte gjort kjende med tradisjonar og høgtider til dei religionane og livssyna som barna i barnehagen høyrer til.  Alle religionar har forteljingar som skildrar hendingar og verdiar som står sentralt i religionen, som til dømes «Den miskunnsame samaritanen» i kristendommen.

Som praksisrettleiar for studentar på førskulelærarutdanninga la Ragnhild Fauske, høgskulelektor ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, merke til svært ulike oppfatningar i barnehagane om kor sentrale desse forteljingane skal vere, og kva funksjon dei skal ha. Ho valde derfor å undersøkje bruken nærare.

 

Tid: Fredag 21. september, kl. 10.00

Stad: Berte Kanutte-huset 159, Høgskulen i Volda