«Kunnskap for framtida»

Mediedekninga etter 22. juli - verdig eller respektlaus?

Nyheitsmedia har fått både ris og ros for sin innsats under og etter terroråtaket 22.juli i fjor. Media har hatt fleire roller og funksjonar i tolkinga av åtaket. Korleis har dei fylt desse rollene?

I den første kaotiske fasen spilte sosiale medium ei viktig rolle, men det var fjernsynet folk vende seg til for å få truverdig informasjon. I den andre fasen var media først og fremst seremonimeister i den nasjonale sorgprosessen. I den tredje fasen tok media rolla som granskar og kritikar av innsatsen til politiet og andre styresmakter. Rettsprosessen har vore prega av nyheitsmedia sin logikk og av forhandlingar mellom media og det juridiske systemet. 

Svein Brurås, førsteamanuensis i journalistikk, analyserar dekninga av terroråtaket og prosessen etterpå, frå fleire perspektiv. Pressa si rolle i ulike faser av saken vert belyst, journalistiske dilemma vert diskutert, og den norske pressedekninga vert samanlikna med dekninga av tidlegare terroråtak i andre land. 

 

Tid: Torsdag 20. september, kl. 11.00

Stad: Store auditorium, Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda

 

 

 Sjå foredraget LIVE her.