«Kunnskap for framtida»

Matkultur i Bygdetunet

Matkulturelle opplevingar har blitt ein tradisjon under Forskingsdagane i Volda. Laurdag 29. september kan små og store legge turen til Volda bygdetun. Der vil studentar frå Høgskulen i Volda vere på plass med råvarer, oppskrifter, kunnskap og gode råd. Rundt omkring på bygdetunet kan publikum få vere med å lage ulike matrettar – og smake.

Studentane går på studiet ”Mat, kultur og konservering”, som er eit tverrfagleg studium retta mot dei som er interesserte i matkultur, mattradisjonar og konservering, og som ynskjer praktisk og teoretisk kunnskap i emnet. Viktige tema er mat i eit historisk og kulturelt perspektiv, konservering av mat og mattradisjonar.

Studiet er veldig populært og har svært mange søkjarar, så det vil vere rundt 30 studentar involverte i matkulturlaurdagen.

I år blir matkulturdagen vitja av forfattarane av kokeboka Go'bitar frå Besta si kokebok.


Vel møtt til ein sosial, smakfull og lærerik dag på Volda bygdetun!

 

Tid: Laurdag 29. september, kl. 13.00-16.00

Stad: Volda bygdetun, Lægdavegen 39.