«Kunnskap for framtida»

Mastermøte

 

Synnøve Moltudal:
Å flytte grenser saman – om kommunikativ skuleutvikling
Kl. 12.15

Hausten 2006 blei Kunnskapsløftet innført i den norske skulen. Overgangen til kunnskapssamfunnet var det uttala grunnlaget for innføring av den nye reforma, og dei politiske visjonane var å utstyre samfunnet med den kunnskap og kompetanse som vil vere naudsynt for å møte utfordringar i framtida.

Evalueringsforsking har vist at det er tildels store motsetnader mellom intensjonane bak reforma og korleis ho har vorte innført. Korleis kan reforma bidra til skuleutvikling og læring hos elevar og lærarar i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet.
Synnøve Moltudal er tilsett ved Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda. Ho er høgskulelektor og har ein mastergrad i Samfunnsplanlegging og leiing, med hovudvekt på kommunikativ skuleutvikling.

Randi Botten:
Utviklingshemming i skulen

Kl. 12.45

Personar med funksjonshemming skal vere sikra høve til meistring og full deltaking som likeverdige samfunnsborgarar. Viktige prinsipp er likeverd, sjølvråderett og aktiv deltaking.

Kva for kompetanse treng ein psykisk utviklingshemma for å meistre livet som vaksen? Kva rolle har gode sosiale evner i samband med meistring og psykisk helse hos vaksne utviklingshemma? Korleis legg skulen til rette for deltaking og utvikling av sosial kompetanse?

Randi Botten er utdanna førskulelærar ved Høgskulen i Volda og har over tjue års erfaring frå arbeid med handikappa born og vaksne. I masteroppgåva har ho studert korleis skulane legg til rette for deltaking og utvikling av sosial kompetanse hjå barn med psykisk utviklingshemming.

Svetlana Rotaru:
Skjønnsutøving hos sosialarbeidarar

Kl. 13.30

I den offentlege sektoren har det vore gjennomført store omorganiseringar, som har bygd på marknadsinspirerte modellar. Dette har etablert nye forhold mellom aktørane og systemet. Det vil seie at sosialtenestene byggjer på kontraktstyring, resultatstyring, effektivitet og kvalitet. Korleis har dette påverka sosialarbeidarane sin profesjonelle autonomi og avgjerdsmynde? Kva institusjonelle vilkår påverkar praksisen til sosialarbeidarane, og kva er konsekvensane?

Svetlana Rotaru er utdanna sosionom i Moldova og har nett fullført ein master i Meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda. Hennar masterstudie er eit forsøk på å syne vilkåra som påverkar skjønnsutøvinga i praksisen til sosialarbeidarane. Målet er å bidra til ei djupare og nyansert forståing av sosialarbeidarane sin praksis og utfordringane som dei står overfor.

Espen Kolbræk:
Diktator og medmenneske

Kl. 14.00

Skipa i handelsflåten liknar på lukka institusjonar og er på mange måtar eit samfunn i miniatyr. Størsteparten av arbeidarane i norsk sjøfart er utanlandske, og skipa vert difor også ein kulturell møteplass. Etnisk mangfald, isolasjon og høgt arbeidspress gjer institusjon-aliseringa av slike organisasjonar utfordrande og spesiell. Korleis opplever kapteinane på desse skipa arbeidsplassen sin, og kva syn har dei på leiarskap? Kva bør dei tenkje på for å byggje trivsel på arbeidsplassen?

Espen Kolbræk har ein bachelorgrad i filosofi frå universitetet i Oslo, med fordjuping i etikk. I masteroppgåva har han sett på leiing og trivsel på skip i handelsflåten.


Tid: Måndag 24. september, kl. 12.00

Stad: Rom 244, Hans Strøm-huset, Høgskulen i Volda