«Kunnskap for framtida»

Lokalhistorisk dag

Samfunnshistorisk vandring i gamle Volda sentrum

Fram til slutten av 1800-talet låg Volda sentrum på Rotset.  Ved Rotsetstranda vart det drive handel og eit mangfald av næringar. Her har mellom anna vore krambu, bakeri, gjestegiveri, hotell, sparebank, ulike skular, båtbyggjing, fraktefart, skysstasjon og garveri. Prest, sorenskrivar, lensmann og dokter heldt også til her.

I dag kan vi framleis sjå tydelege spor etter velmaktsdagane til miljøet på Rotset. Den planlagde utbygginga og utfyllinga av Rotsetfjøra til industriføremål vil derimot endre biletet. Vi ønskjer difor å ta dykk med på ei lokalhistorisk vandring i eit område som snart vil endre karakter.

Vi startar vandringa i tunet ved Ristegarden. Vidare får vi omsyning i Rødsets garveri og landhandel før vi vandrar langs Naustvegen mot Volda prestegard og tunet her. Dette var bustaden til Hans Strøm frå 1764-1779.

Øyraelva lagar eit naturleg skilje mellom Øyralandet og Rotset. Elva gav kraft til den nye industrien som skulle vere med på å utvikle Volda som tettstad mot slutten av 1800-talet. Vi vandrar opp Elvadalen før vi gjer ein stopp ved Møre Støyperi. Her vil forfattar og historikar Eldar Høidal fortelje litt om utviklinga av industri i Volda med utgangspunkt i aktiviteten rundt Øyraelva. Leiar for vandringa er Kari Hasle, historikar med hovudfag frå Universitetet i Bergen. Ho er med i gruppa som har arbeidd med Bygdesoga for Volda.


Vandringa vil følgje denne ruta:

Ristegarden – Garvarbuda – Naustvegen – Volda prestebustad – Elvadalen – Møre Støyperi - Høgskulen

Vi endar ved Strøm-bygget på Høgskulen i Volda om lag kl. 14.00. Der vert det servering og korte lokalhistoriske foredrag (sjå eige program).

 

Tid: Søndag 30. september, kl. 12.30

Stad: Oppmøte hjå Ristegarden, Andanesvegen 8.

 

Lokalhistoriske foredrag

Etter vandringar inviterar Høgskulen i Volda til ei forelesingsrekke om tema knytt til Volda og lokalområda. Det vert servering av kaffe, te og noko å bite i.

Frå venstre: Kari Hasle, Atle Døssland, Arnljot Løset, Arnfinn Kjelland.
Eldar Høidal var ikkje tilstade då bilete blei tatt.


ATLE DØSSLAND
Hans Strøm og lokalhistoria
Atle Døssland er professor ved Historisk institutt. Han underviser i eldre norsk og internasjonal historie (før 1850). Han vil fortelje om Hans Strøms kjende verk: Beskrivelse
over Fogderiet Søndmør, som vart utgjeve 1762–64. Nokre har kalla dette for det første lokalhistoriske verket på Sunnmøre. Men er det rett merkelapp?


ELDAR HØIDAL
Skule- og industriutviklinga i Sentrums-Volda
Eldar Høidal er historikar og har ætterøtene sine i Volda og Ørsta. Han har nettopp avslutta arbeidet med den allmenne delen av sentrumssoga i Busetnadssoga for Volda. Under Forskingsdagane vil han, saman med Kari Hasle, dra fram nokre sentrale trekk ved utviklinga av Sentrums-Volda.


ARNFINN KJELLAND
Busetnadssoga for Volda – eit pionerprosjekt
Sidan 1999 har Arnfinn Kjelland, førsteamanuensis ved Historisk institutt, vore leiar for prosjektet med å skrive Busetnadssoga for Volda. Siste bandet i verket vert utgjeve no i haust, og omhandlar Volda sentrum. Kjelland vil gje ein presentasjon av prosjektet og det siste bandet.


ARNLJOT LØSETH
Skålbryllaup – Ein uverdig skikk?
Arnljot Løseth er professor ved Historisk institutt og har arbeidd mykje med region- og kysthistorie. Han vil fortelje om skålbryllaupa på Sunnmøre på 1800-talet, ein skikk som no
mest er gløymd. Handla desse bryllaupa om finansieringshjelp og resiprositet eller tvang og fyll?

 

 

Tid: Søndag 30. september, ca. kl. 14.00

Stad: Kantina i Hans Strøm-huset, Høgskulen i Volda