«Kunnskap for framtida»

Korleis utdanne gode lærarar i framtida?

Ei av dei viktigaste utfordringane i utdannings-Noreg er å sikre tilgangen på gode lærarar. Fire leiande fagfolk ser nærare på korleis lærarutdanninga bør bli innretta for å nå dette målet. Sentrale tema vil vere kva som er ei god lærarutdanning, korleis forskingsbasert undervising kan styrke lærarutdanninga,  kva profesjonsutdanningar kan lære oss, og kva lokalisering av høgre utdanning har å seie for tilgangen på lærarar i distrikta.

 

Program for dagen


Peder Haug:
Kva er ei god lærarutdanning?
Kl. 10.00-10.45

Har vi den naudsynte kunnskapen om korleis ein driv lærarutdanning på ein god måte? I kva grad er vi i stand til å gjennomføre ideala i praksis?

Peder Haug er professor ved Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda. Haug har stått sentralt i norsk pedagogisk forsking på 1990- og 2000-talet. Forskinga hans har vore fokusert på reform- og endringsperspektiv på utdanning og utdanningspolitikk. Han har òg forska på tilpassa opplæring i skulen og på spesialpedagogikk.


Elaine Munthe:
Frå forskingsbasert lærarutdanning til utforskande praksis
Kl. 10.45-11-30

Kva kan forskingsbasert lærarutdanning vere? Korleis er det muleg å knyte forsking og praksis saman?

Elaine Munthe er professor i pedagogikk ved Universitetet i Stavanger og professor II ved Senter for profesjonsstudium ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho er leiar for Følgjegruppa for grunnskule-lærarutdanningsreforma, oppnemnd av Kunnskapsdepartementet for fem år. Hennar forskingsfelt er lærarutdanning og lærarar sitt arbeid i klasserommet.


Lars Inge Terum:
Lærarutdanning som profesjonsutdanning
Kl. 12.15-13.00

I kva grad er profesjonsutdanningar eigna til å ta hand om kvalifiseringa til yrket? Er det trekk ved læraryrket som stiller særlege krav til lærarkvalifiseringa?

Lars Inge Terum er professor ved Senter for profesjonsstudium Høgskulen i Oslo og Akershus, og professor II ved Høgskulen i Volda. Hans primære arbeidsfelt er profesjonell skjønnsutøving, profesjonell utvikling og profesjonskvalifisering i utdanning og arbeid.


Kåre Heggen:
Lokaliseringa av høgre utdanning og tilgang på lærarar
Kl. 13.00-13.45

Korleis er tilhøvet mellom oppvekststad, kvar folk er utdanna og kvar dei vel å busetje seg?

Kåre Heggen, professor ved Institutt for sosialfag, har nett gitt ut ein studie der han har teke utgangpunkt i desse spørsmåla. Studien gir ein god peikepinn på kva lokalisering av utdanning har å seie for tilgang på kvalifisert arbeidskraft i distrikta.



Etter foredraga blir det paneldiskusjon med dei fire foredragshaldarane.

 

Tid: Tysdag 25. september, kl. 10.00

Stad: Berte Kanutte 161, Høgskulen i Volda