«Kunnskap for framtida»

Frå eineveldet til demokratiet - norsk kyrkjebygging i Amerika på 1850-talet

Korleis var det for norske utvandrarar å byggje opp eit kyrkjesamfunn i Amerika på 1850-talet? Dei lutherske prestane som reiste over kom frå eit monarki, med ein konge som var overhovudet til kyrkja, og med biskopar som øvste leiarar. I Amerika møtte dei eit demokrati, med klart skilje mellom kyrkje og stat. Dei to kyrkjekulturane kunne knapt vore meir ulike.

I «det lova landet» møtte dei utfordringa med å skulle utforme ei kyrkje under nye og ukjente føresetnader. Med ein stat som ikkje la føringar for organisering og preike, vart kyrkjelydane frie til å forme ei ny kyrkjeordning, uavhengig av Den Norske Kyrkja. Løysingane deira kan vere ein impuls i dagens diskusjonar rundt nyorientering og nystrukturering av Den Norske Kyrkja, og hennar lausriving frå staten.

Ralph Meier er førsteamanuensis ved institutt for religion, livssyn og kyrkjefag. I semesteret 2011/2012 har han sett på norsk kyrkjedanning i Amerika på 1850-tallet, og har studert originalkjelder frå den tida, i USA.

 

Tid: Fredag 21. september, kl. 13.00.

Stad: Berte Kanutte-huset 159, Høgskulen i Volda.