«Kunnskap for framtida»

Forskar-standup

Standup-kveldar med forsking er ein populær del av Forskingsdagane. Under arrangementet held forskarar eit poengtert, kort foredrag om sitt spesialfelt.

Den første Standup-forskaren i Noreg reiste seg på kafeen Sting Nere i Stavanger, under Forskingsdagane, hausten 2000. Fenomenet spreidde seg på rekordtid, og Forskar-standup blei ei utbreidd form for forskingsformidling. Under Forskar-standup held deltakarane eit kort foredrag utan andre hjelpemiddel enn ein mikrofon og det ein kan trylle fram frå innerlomma av illustrerande objekt (frå sidene til forskningsdagene.no).


På programmet:


Silke Reeploeg:
Kulturelle møter

I kva grad er kystkulturane i Skottland og Noreg knytte saman i moderne tid? Er der likskapar? Korleis er dei ulike?

Silke Reeploeg undersøkjer desse spørsmåla i hennar doktorgradsavhandling om moderne interkulturelle tilknytingar mellom Noreg og Skottland. Ho er fødd i Tyskland, men har budd og arbeidd på Shetland dei siste elleve åra. Reeploeg tilbyr ny innsikt i dei nord-atlantiske kyst- kulturane, og ho deler også nokre av sine eigne erfaringar. Reeploeg arbeider som forskar ved Senter for nordiske studium ved University of the Highlands and Islands på Shetland. Ho er gjesteforskar ved Høgskulen i Volda dette semesteret.

Foredraget er på engelsk.

   

Yvonne Wang:
Religion – konfliktskapar eller fredsverkty?

Konflikta mellom Israel og Palestina har vore langvarig og sår. Det har vore fleire forsøk på å skape fred og forsoning mellom dei to partane – ingen med varig resultat.

Dei siste tiåra har ei gruppe israelske og palestinske religiøse fredsaktivistar hevda at ein kan nytte religionane som verktøy for å skape fred. I si doktorgradsavhandling har Yvonne Wang sett på religiøse organisasjonar sitt forsøk på å utvikle eigne fredsdiskursar for å fremje samhandling og forståing, mellom partane i Midtøsten-konflikta.

Wang disputerte 4. september, ved Universitetet i Oslo.
   
Alf Tomas Tønnesen:
Republikanarane sitt USA


Korleis ynskjer republikanarane å sikre framtida til USA? Texasguvernør Rick Perry hevdar at omfordeling av goder, som i eit velferdssamfunn, er å straffe suksessrike menneske, medan fleirtalsleiar Eric Cantor i Representanthuset ynskjer eit samfunn med større moglegheiter for å verte vellukka, men der suksess ikkje er garantert.

Tønnessen analyserer dei argumenta det republikanske partiet bruker for å inspirere til skaparkraft og hindre europeiske tilstandar med stor omfordeling av rikdom og ein for omfattande velferdsstat.

   
Stephen Walton:
Matriarkar som bryt handbak og festglade transvestittar


Lengst sør i Mexico ligg eit samfunn som er utsett for kontinuerleg mytedanning av både tilfeldige tilreisande og av forskarar. Plassen kan derimot fortelje oss mykje, om både det gamle nord-amerikanske tre-kjønnssystemet og om korleis førestillingar om biologisk og sosialt kjønn er konstruerte.

Stephen Walton er professor i nynorsk, leiar for Ivar Aasen-instituttet og sakprosaforfattar. Han debuterte som romanforfattar tidlegare i år, med boka Roadmovie.



Tid: Onsdag 19. september, kl. 18.30

Stad: Studenthuset Rokken