«Kunnskap for framtida»

En nynorsken eineståande?

I Noreg likar vi gjerne å tru at historia til det nynorske skriftspråket, og skriftkulturen, er eineståande. Men er ho eigentleg det?

Bjørg Nesje Nybø, ved Institutt for språk og litteratur, har i doktorgraden sin studert den moderne irske skriftkulturen. Ho har funne fleire likskapstrekk med nynorsken, både i opphavet på 1800-talet og i den vidare utviklinga på 1900-talet. Samstundes er mykje ulikt – svært ulikt. I dette føredraget vert både likskapar og ulikskapar trekte fram, først og fremst når det gjeld standardiseringa av skriftspråket og utviklinga av ein moderne skriftkultur. Ved å forstå språkutviklinga i andre kulturar kan vi få ei betre forståing av vår eigen språkkultur og vårt eige skriftspråk.

 

Tid: Fredag 21. september, kl. 11.00

Stad: Berte Kanutte-huset 159, Høgskulen i Volda