«Kunnskap for framtida»

Det Amerikanske valet

I haust er det presidentval i USA, og det er knytt stor spenning til om president Barack Obama, den første svarte presidenten i amerikansk historie, vil klare å bli attvald. Høgskulen i Volda set søkjelyset på det amerikanske presidentvalet med ein temadag.

Orm Øverland, professor emeritus i amerikansk litteratur ved Universitetet i Bergen, held foredrag med tittelen «Annleislandet?». Han vil plassere dei to dominerande amerikanske partia i ein historisk kontekst, og kaste lys over deira skiftande profilar og trua på Amerika som eit utvald land – annleis enn alle andre.

Alf Tomas Tønnesen, førsteamanuensis ved institutt for språk og litteratur, vil snakke om «Sosialdarwinisme eller felles rikdom? Ideologi og veilval i USA». I føredraget vil han kaste lys over dei innanrikspolitiske motsetnadane som skil demokratane og republikanarane i dag, og forklare korleis dei sosioøkonomiske ulikskapane har vakse seg sterke dei siste tretti åra.

Rolf Werenskjold, førsteamanuensis i medievitskap, fortel om den norske mediedekninga av USA og amerikansk politikk.

 

Etter foredraga vært det paneldebatt med dei tre foredragshaldarane, samt representantar frå dei to største amerikanske partia: Democrats og Republicans sine norske avdelingar.

 

Tid: Fredag 28. september, kl. 09.30-14.00

Stad: Berte Kanutte-huset 161, Høgskulen i Volda