«Kunnskap for framtida»

Å dokumentere ein tragedie

I samband med forelesinga om mediedekninga av terroråtaket 22. juli har vi invitert Tommy Gulliksen, regissør av Utøyadokumentarane En liten øy i verden, Et nytt liv og Tilbake til Utøya. Dokumentar-trilogien fylgjer overlevande frå massakren på Utøya i tida etter åtaket, under rettssaken, og på minnemarkeringa på Utøya i år.

Svein Brurås, Steinar Høydal og Henrik Bastiansen ved Avdeling for mediefag intervjuar Gulliksen om hans opplevingar og refleksjonar rundt det å lage dokumentar om ei slik  hending. Kor nær kan ein gå før ein tråkkar over ei etisk grense?

Ekspressdokumentaren som medium vil òg vere eit tema for samtalen. Korleis er det for ein dokumentarist å produsere ein dokumentar på kun fjorten dagar? Kva gjer dette mogleg og kven kan gjennomføre eit slikt prosjekt?

Tommy Gulliksen er ein norsk dokumentarfilmskaper og journalist. Han var tilsett i Dokument2 i TV 2 frå 2003 til programmet blei nedlagt i 2010. I 2010 starta han  produksjonsselskapet Dokumentaravdelingen, som held til på Lilleborg i Oslo. Han har vunne fleire prisar for sine dokumentarar, og den fyrste filmen i Utøya-trilogien vart tidlegare i år tildelt prisen for beste nyhendedokumentar på ein av Europas viktigaste filmfestivalar.


Etter diskusjonen syner vi dokumentaren Tilbake til Utøya, den siste filmen i trilogien. Filmen har premiere 12. september

 

Tid: Torsdag 20. september, kl. 12.30

Stad: Store auditorium, Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda

 

Regissør Tommy Gulliksen (venstre) saman med ein av hovudpersonane i dokumentaren, Hussein Kazemi.