«Kunnskap for framtida»

Forskingsdagane 2009

18.–28. september 2009

 Plakat: Kunsten å overleve. Forskingsdagane 2009.   

Forskingsdagane har dei siste åra hatt meir enn 1000 arrangement over heile landet, og vert i år arrangert for 15. gong. Noregs forskingsråd i samarbeid med universitet, høgskular, forskingsinstitutt, bibliotek, museum, kommunar og næringsliv står bak. Arrangementa er gratis.

I Volda og Ørsta vert Sivert Aarflot-jubileet feira utover i 2009. Også under Forskingsdagane er det naturleg å setje søkelys på Sivert Aarflot sitt liv og virke med fleire arrangement.

Høgskulebiblioteket markerer Forskingsdagane med to utstillingar: Forsking på plakaten og Kunsten å overleve.

Program for Forskingsdagane i Volda
               

Olav Aukrust.

Måndag 21. september kl. 19, Berte Kanutte-huset, biblioteket:
Diktarkall, liding, lidenskap: Olav Aukrust på ny

Bokaktuelle Jan Inge Sørbø held foredrag om Olav Aukrust.
Meir informasjon


Skrupresse i Sivert Aarflot-museet.

Tysdag 22. september kl. 9–15, Berte Kanutte-huset, store auditorium:
Pressehistorisk seminar

Populærvitskaplege innlegg om norsk pressehistorie i lys av Sivert Aarflot. Presentasjon av Øystein Sande sin nye studie om Sivert Aarflot. 
Meir informasjon


Tysdag 22. september kl. 18, Kaarstad-huset, rom 204:
Førskulelærarutdanninga og utfordringar i yrket

Foredrag med Gerd Sylvi Steinnes
Meir informasjon


Tysdag 22. september kl. 18, Berte Kanutte-huset, rom 157:
Lokalhistoriewiki.no – ein helt ny måte å arbeide med lokalhistorie på

Foredrag med Arnfinn Kjelland. Etterpå høve til praktisk øving i datarom (NB! påmelding).
Meir informasjon


Sivert Aarflot i profil. Logo til Sivert Aarflot-jubileet 2009.

Onsdag 23. september kl. 19, Berte Kanutte-huset, vesle auditorium:
Sivert Aarflot og øvrigheita

Foredrag med Brynjulv Gjerdåker og Birger Løvlie om Sivert Aarflot og samfunnet omkring han.
Meir informasjon


Utsnitt FoU-pris 2009.

Torsdag 24. september kl. 10.30, Berte Kanutte-huset, biblioteket:
Utdeling av FoU-prisen 2009

Taler, kunstnarleg innslag og lett servering.
Meir informasjon


Motiv frå Studiekatalogen 2009 Høgskulen i Volda: Sosial- og helsefag.

Torsdag 24. september kl. 12.30, Hans Strøm-huset, aud. 244:
Mastermøte

Fire ferske masterkandidatar frå "Samfunnsplanlegging og leiing" og "Meistring og myndiggjering" presenterer tema frå masteroppgåvene.
Meir informasjon


Nordlys. Aurora Borealis. Foto: Bjørn Jørgensen/NN/Samfoto.

Torsdag 24. september kl. 18/19.30, Kaarstad-huset, rom 204/Kometland:
Astronomiinspirator Aarflot og kometoppdagar Aarseth

Foredrag med Torbjørn Urke. Avduking av Sivert Aarflot-observatoriet og omvising på Kometland.
Meir informasjon


Blåbær i haustlyng.

Søndag 27. september kl. 13–16:
Matkultur på Volda bygdetun

Med Heidi Brunstad-Øyehaug, Erik Fooladi og studentar frå studiet "Mat, kultur og konservering".
Meir informasjon


Tre muslimske jenter. Henta frå everystockphoto.

Måndag 28. september kl. 13.30, Berte Kanutte-huset, store auditorium:
Hijab på bygda

Foredrag med Hildegunn Valen Kleive. I samarbeid med Eldreuniversitetet i Volda.
Meir informasjon


Konsentrert skulegut

Måndag 28. september kl. 18, Kaartad-huset, rom 204:
Kva skjer i klasserommet? 999 skuletimar under lupa

Forskarane i prosjektet "Kvalitet i opplæringa" (KiO) presenterer resultat frå observasjonar av 999 skuletimar i 3., 6. og 9. klasse.
Meir informasjon