«Kunnskap for framtida»

Forskingsdagane 2007

Forskingsdagane i 2007 vert arrangert i perioden 21. - 30. september.

Forskingsdagane har dei siste åra hatt meir enn 1000 arrangement over heile landet, og vert i år arrangert for trettande gong. Noregs forskingsråd i samarbeid med universitet, høgskular, forskingsinstitutt, bibliotek, museum, kommunar og næringsliv står bak. Arrangementa er gratis.

Hovudtema for årets Forskingsdagar er polaråret, og på HVO vil vi markere dette med eit arrangement i samarbeid med Ishavsmuseet Aarvak i Brandal laurdag 29/9.

 

Jane Austen i Norge
Boklansering med Marie Nedregotten Sørbø.
>>> Meir informasjon            

Opning av Forskingsdagane
Rektor Jørgen Amdam

Tid:   Fredag 21. september kl. 13.15
Stad: Berte Kanutte-huset, rom 157

Servering av kaffi og kaker.

Kommunikasjon over kulturgrenser: Når JA blir NEI og NEI blir JA
Radioforedrag med Reidun Aambø.
>>> Meir informasjon
Tid:   Fredag 21. september kl. 19.00
Stad: Bygderadio Vest

  Matkultur for små og store på Volda bygdetun
Med Heidi Brunstad, Erik Fooladi og studentar frå studiet "Mat, kultur og konservering".

Tid:   Søndag 23. september kl. 13.00-16.00
Stad: Volda bygdetun

Nynorsk for innvandrarar?
Med Birgitte F. Grimstad og Hilde Osdal. I samarbeid med Eldreuniversitetet.
>>> Meir informasjon

Tid:   Måndag 24. september kl. 13.30
Stad: Berte Kanutte-huset, store auditorium

  Debattkveld om klima- og miljøpolitikk
Med Odd Einar Dørum (V), Bjørn Jacobsen (SV) og Jon Georg Dale (FrP).
Arr.: STIV.

Tid:   Måndag 24. september kl. 20.00
Stad: Studenthuset Rokken

Afrika: Religiøsitet og demokratikamp
To foredrag med Ottar Berge og Birger Løvlie.
>>> Meir informasjon
Tid:   Tysdag 25. september kl. 18.00
Stad: Berte Kanutte-huset, vesle auditorium

Kva er vitsen med journalistikk?
Dagsseminar med tilsette frå Avdeling for mediefag.
>>> Meir informasjon
Tid:   Onsdag 26. september kl. 09.00-16.00
Stad: Berte Kanutte-huset, store og vesle auditorium

Med Fridtjof Nansen under Polarhimmelen
Radioforedrag med Torbjørn Urke.
>>> Meir informasjon
Tid:   Onsdag 26. september kl. 19.00
Stad: Bygderadio Vest

Møremusikk - lite kjent vellyd?
Seminar i samarbeid med Prøvekluten.
>>> Meir informasjon
>>> Påmeldingsskjema

Tid:   Torsdag 27. september kl. 11.30-15.15
Stad: Henrik Kårstad-huset, rom 204

På godfot med fotnotane i norsk kulturhistorie
Bibliotekleiar Kirsti Langstøyl og dokumentasjonsleiar Eirik Helleve opnar samlingane og magasinet i Aasen-tunet. Omvisning kl. 12, 13 og 14.
>>> Meir informasjon

Tid:   Fredag 28. september kl. 12.00–15.00
Stad: Ivar Aasen-tunet

  Med studentar til Kenya
Radioforedrag med Odd Ragnar Hunnes.
>>> Meir informasjon
Tid:   Fredag 28. september kl. 19.00
Stad: Bygderadio Vest

Med gevær og hakapik. Om sunnmørsk selfangst på 1900-tallet
Foredrag med Arnljot Løseth, bilete og film med Sverre Sundalsfoll.
>>> Meir informasjon

Tid: Laurdag 29. september kl. 13.00
Stad: Ishavsmuseet Aarvak, Brandal (gratis buss frå Volda 11.15)