«Kunnskap for framtida»

Forskingsdagane 2004

Forskingsdagane har meir enn 1 000 arrangement over heile landet, og vert i år arrangert for tiande gong.
Noregs forskingsråd i samarbeid med universitet, høgskular, forskingsinstitutt, bibliotek, museum, kommunar og
næringsliv står bak. Arrangementa er gratis for publikum.

Forskingsdagane 2004 varer frå 17. til 26. september. Programmet for arrangementa i Volda kan du lese her. Eit eige HVO-nytt om Forskingsdagane 2004 kjem ut 17/9.
Seminara "Møteplassar" og "Ein gjengangar" må du melde deg på innan 16. september.


Love & Peace: Islam in a Multicultural Society
– a Malaysian Citizen's Perspective
Med Hassan Muthalib. Les meir om foredraget
.
Tid:     Måndag 20. september kl. 10.30-11.15
Stad:   Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, vesle auditorium

Møteplassar - inkludering av flyktningar i lokalmiljøa

Tid:     Måndag 20. september kl. 12.00 - 15.30
Stad:  Høgskulen i Volda, Hans Strøm-huset 243

I samband med Forskingsdagane arrangerer Høgskulen i Volda  eit seminar om inkludering av flyktningar i lokalmiljøa. Seminaret er fyrst og fremst retta mot folk i kommunane som arbeider med flyktningar, men det er også ope for andre interesserte. Meir informasjon.

 

Påmelding  | "Møteplassar"

Journalistikk i risikosamfunnet
Med Paul Bjerke og Evelyn Dyb. Presentasjon av forskingsprosjekt. Les meir
.
Tid:     Tysdag 21. september kl. 10
Stad:   Høgskulen i Volda, Ivar Aasen-huset, rom 108

Ein gjengangar - korleis undervise Ibsen i dagens skule?

Tid:      Tysdag 21. september kl. 12.00 - 16.00
Stad:   Høgskulen i Volda, Hans Strøm-huset 243
Ansvarleg: Førsteamanuensis Anne Marie Rekdal.

I samband med Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda vert det  arrangert eit seminar for lærarar og andre interesserte. Meir informasjon.

Påmelding  |  "Ein gjengangar"

Med klar røst - om stemmebelastning hos lærere
Med Irene Bele. Les meir om foredraget.
Tid:    Tysdag 21. september kl. 17.30
Stad:  Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, rom 157

Om legar og lækjing i førmoderne tid
Med Brynjulv Gjerdåker. Foredrag i samarbeid med Eldreuniversitetet i Volda. Les meir.
Tid:     Torsdag 23. september kl. 13.00
Stad:   Høgskulen i Volda, Hans Strøm-huset, store auditorium

Brukaren, Helse Sunnmøre og framtida

Tid:    Torsdag 23. september kl. 18.00-21.00
Stad:  Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, store auditorium

Korleis endrar Helse Sunnmøre HF seg for å møte utfordringane i framtida? Dette er utgangspunktet for eit kveldsseminar i regi av brukarutvalet ved Helse Sunnmøre HF, KPI og Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Dei mange innlegga på seminaret vil til saman gi eit bilete av korleis eit moderne helsevesen tenkjer.
Meir om seminaret
.

Matkultur for små og store
Med Heidi Brunstad, Erik Fooladi og studentar frå studiet "Mat, kultur og konservering".
Tid:     Søndag 26. september kl. 13.00-16.00
Stad:   Volda bygdetun



Tips ein ven om denne sida:

Kommentar
Mottakaren sin e-post Din e-post