Min profil innlogging
: :
«Kunnskap for framtida»

Forskarskular og forskarkurs

Kurs for stipendiatar og andre forskarar ved HVO:

Høgskulen arrangerer kvart år kurs i forskingsaktuelle tema som: Artikkelskriving, metodekurs, datakurs (SPSS, NVIVO, Endnote) og andre. Ta kontakt med forskingsadministrasjonen om du har ønskje om eller idear til kurs. 

Høgskulen i Volda er tilknytt desse forskarskulane:

Forskarskulane har sine eigne timeplanar ang kurs og seminar.

NAFOL:  

NAFOLs hovudmål er å styrke kvaliteten i alle typar lærarutdanning gjennom ei målretta, robust og langsiktig satsing på organisert forskarutdanning i eit nasjonalt nettverk av samarbeidande institusjonar. Kontaktperson ved Høgskulen i Volda: Kjell Arild Madssen.

NATED (National Graduate School in Education):

NATED  er ein forskarskule som tilbyr utdanning på område som er viktige for utdanningsforsking.

Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies:

Grieg-skulen tilbyr kurs for Ph.D. studentar i ei rekkje musikkdisiplinar, som musikkutdanning, musikkterapi, framføring og komposisjon.

RVS (Religion values society):

Målet med RVS er å mobilisere og fremje norsk ekspertise innanfor samspelet mellom religionar, verdiar og samfunn og å danne langsiktige nettverk på området, fremje samarbeid mellom Ph.D. studentar og seniorforskarar på relevante og interessante tema på feltet. Kontaktperson ved Høgskulen i Volda er Anders Aschim.

 

Nyttige nettsider for Ph.D.-kandidatar:

PhD on Track