«Kunnskap for framtida»

Doktorgradsprosjekt og doktorgradsutdanning ved Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har nærare 40 tilsette som arbeider med doktorgradsprosjekt. Dei fleste arbeider som stipendiatar i tre- eller fireårsløp. I tillegg arbeider mange tilsette med doktorgradsprosjekt i forskingstida i fagstillingane sine. Dei fleste av desse går i femårsløp der dei får ekstra FoU-tid, og nokre få tilsette arbeider med dr.philos-avhandling.

Hausten 2015 starta Høgskulen i Volda og Høgskulen i Molde ei felles doktorgradsutdanning (ph.d.-utdanning) i helse- og sosialfag.

Ein del av stipendiatane er med i særlege stipendiatprogram: Eitt for fagdidaktisk forsking og eitt for profesjonsforsking. Nokre av stipendiatane er knytte til andre større forskingsprosjekt på høgskulen.


(Foto: Line Sjøhelle, Kib&Morits)

Meir informasjon om stipendiatar og tilsette i doktorgradsløp ordna etter program eller tema:

I 2008 etablerte høgskulen eit eige program i fagdidaktisk forsking som organiserer minst 5 eigne stipendiatar og i tillegg andre stipendiatar og tilsette. I 2009 vart eit eige program for profesjonsretta forsking, med fem til sju stipendiatstillingar, oppretta.

Opplysingar om tidsperiode og doktorgradsinstitusjon for den enkelte stipendiat finn du i menyen til høgre.

Stipendiatane er organiserte i ei eiga Stipendiatforeining, som også er representert i Forskingsutvalet.