Forsking og utvikling
Høgskulen i Volda har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet på ein slik måte at det gir utdanningstilboda eit solid grunnlag. Dei strategiske satsingsområda for FoU på Høgskulen i Volda er:
Journalistikk | Kulturmøte | Profesjonsforsking | Utdanningsforsking | Velferdsforsking
I 2008 etablerte høgskulen eit eige program i fagdidaktisk forsking som organiserer minst 5 eigne stipendiatar og i tillegg andre stipendiatar og tilsette. I 2009 vart eit eige program for profesjonsretta forsking, med fem til sju stipendiatstillingar, oppretta.
Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS
, og det er inngått eigen samarbeidsavtale mellom HVO og Møreforsking AS om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast.
Nytt om FoU:
Seminar: Har vi lærarutdanning i Volda om 20 år?
Festsalen i Henrik Kaarstad-huset var fullsett under seminaret «Har vi lærarutdanning i Volda om 20 år?» – Den nye reforma og dei to nye grunnskulelærarutdanningane gir mange krevjande utfordringar. Eg vil likevel svare eit optimistisk ja på spørsmålet vi stiller i dag, sa dekan Arne Myklebust ved opninga av seminaret som vart arrangert i samband 150-årsjubiléet for lærarutdanninga i Volda.
Les meir
[25.11.2011]
Framleggingar av vitskapsteoretiske essay
Fleire HVO-tilsette har dei siste åra delteke på kurs i vitskapsteori. Eit vitskapsteoretisk essay utgjer det faglege tyngdepunket i eit slikt studium. Denne veka vert det lagt fram fire nye essay, om spennande emner. Arrangementet er ope for alle.
Les meir
[21.11.2011]
Lærarutdanninga i Volda er 150 år. Blir det nye 20 år?
– Spørsmålet er ikkje berre retorikk, seier førsteamanuensis Kjell-Arild Madssen. Han ser mange krevjande og urovekkande utfordringar knytt til den nye lærarutdanninga. I samband med 150-årsjubileet lærarutdanninga i Volda inviterer difor utdanninga til seminaret «Har vi lærarutdanning i Volda om 20 år?» torsdag 24. november.Om kvelden blir det festmiddag.
Les meir
[19.11.2011]