Forsking og utvikling
Høgskulen i Volda har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet på ein slik måte at det gir utdanningstilboda eit solid grunnlag. Dei strategiske satsingsområda for FoU på Høgskulen i Volda er:
Journalistikk | Kulturmøte | Profesjonsforsking | Utdanningsforsking | Velferdsforsking
I 2008 etablerte høgskulen eit eige program i fagdidaktisk forsking som organiserer minst 5 eigne stipendiatar og i tillegg andre stipendiatar og tilsette. I 2009 vart eit eige program for profesjonsretta forsking, med fem til sju stipendiatstillingar, oppretta.
Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og det er inngått eigen samarbeidsavtale mellom HVO og Møreforsking AS om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast.
Nytt om FoU:
Oppdatert av Steffen Djupvik Brandtzæg 06. mars 2012 kl. 10.42 Publisert med NetEd : Publish


