«Kompetanse for framtida»

Reportasjearbed i framand kultur

Dette studiet er først og fremst for mediestudentar som vil kombinere journalistfaglege oppgåver med ei sju vekers reise i India. Studiet gir deg 30 studiepoeng og du får lære om ein kultur og eit samfunn svært ulikt kvardagen i Norge.

 

Avdeling for mediefag har sidan slutten av 90-talet organisert Indiaopphald for studentar, og tilbakemeldingane har vore svært positive. Over ti års erfaring med studentturar til India, den grundige innføringa før avreise og dei mange gode kontaktane i landet, gir eit eineståande høve til å kome under den tradisjonelle turistfasaden. 


Tredelt studieløp
Dei første seks vekene får studentane undervisning i emna indisk kultur, politikk og historie, i tillegg til journalistiske emne i Volda. Rundt 1. oktober reiser studentar og lærarar saman til hovudstaden Delhi i India og vidare til Bangalore. Dei to første vekene er det felles program som vert avslutta med om lag ei vekes opphald ved Mangalore University og Manipal University. Dei resterande vekene kan studentane reise og lage reportasjar etter eigen plan. Etter heimreise om lag 20. november gjer studentane ferdig ei eksamensreportasje frå turen og førebur seg til munnleg eksamen. 


Meir informasjon
 

Ynskjer du å delta på studiet må du skrive ein motivasjonssøknad på engelsk (omfang 300-400 ord),  i tillegg til å møte til eit intervju med opptakskomiteen. Intervjuet vil vere på engelsk. Søknadsfrist: 1. mars.

Les om journalistikkstudentar på reportasjearbeid i India.

 


Okse i gata: Eit heilt vanleg syn i Mumbay.

Emneansvarleg: Jan Ytrehorn, e-post: jy@hivolda.no