«Kompetanse for framtida»

Arbeidsutvalet i STiV 2016/2017

Studenttinget i Volda er det øvste studentorganet ved høgskulen og arbeider for å betre studiekvardagen, studiefinansieringa og koordinering av all demokratisk og sosial studentverksemd ved HVO. Har du forslag til endringar og forbetringar av skule og fritidstilbod, vil du gi ris eller ros til studentar og tilsette, eller kanskje noko heilt anna, hjelper STiV deg på vegen. Stikk gjerne innom kontoret på Berte Kanutte-bygget for ein hyggeleg prat.

collage.jpg

Studenttinget 2016/2017 er klart!

Med ny rekord og ein valdeltaking på 14,7% er valet er endeleg over. Det er ein glede å presentere det nye studenttinget for studieåret 2016/2017!

aka_tilnettside2.jpg

Akademisk skrivekurs

Gjekk du glipp av akademisk skrivekurs fra tirsdag 6. september? Fortvil ikkje! Vi streamet kurset og opptaket finner du lenger ned i saken.