«Kompetanse for framtida»

Velferdsmidlar

Treng ditt studentlag eller organisasjon støtte?

Studenttinget i Volda deler kvart år ut velferdsmidlar til studentlaga og –organisasjonane i  Volda. STiV kan dele ut opp til 5 000 kr per søknad. Innkomne søknadar vert behandla fortløpande, og svar vert sendt på e-post.

Alt du treng å vite om søknad og vedlegg, finn du i Søknadsskjema velferdsmidlar, eller du kan kome innom STiV-kontoret for eit eksemplar! Lever søknaden til STiV, anten digitalt til stiv@hivolda.no eller på papir til STiV-kontoret.

For å få innvilga søknaden, må fylgjande vere oppfylt:

  • Minst 80 % av medlemsmassen i laget/organisasjonen må vere studentar
  • Laget/ organisasjonen må kvart semester sende inn oppdatert kontaktinformasjon til STiV.
  • Midlane kan ikkje brukast på alkohol. STiV får sine midlar frå HVO og SfS, og fylgjer deira retningslinjer på dette området.
  • Laget/organisasjonen må dokumentere bruken av minst 90% av midlane innan to månader etter utbetalingsdato (f.eks. kopi/scann/bilete av kvitteringar). Ved manglande dokumentasjon kan STiV krevje pengane tilbakebetalt.
  • Om tiltaket det er søkt midlar til vert avlyst eller endra, kan organisasjonen søkje om omdisponering av midlane gjennom ein kort, eigenformulert søknad utan vedlegg.

Har laget/organisasjonen bruk for meir i støtte? Hugs at de også kan søkje velferdsmidlar gjennom SfS! Studentsamskipnaden for Sunnmøre deler ut velferdsmidlar to gongar i året, og alle lag og organisasjoner ved HVO kan også søke økonomisk støtte der.