«Kompetanse for framtida»

Regelverk og rettigheiter

Når du studerar ved ein høgare utdanningsinstitusjon har du ei rekke rettigheiter i forhald til undervisningsopplegg, eksamen og tilrettelegging av studiesituasjonen. Desse rettigheitene er regulert gjennom lover, forskrifter, reglement, planar og retningslinjer. Vår oppgåve er å sørge for at dette følgast og blir gjort.

Vi kan hjelpe deg med blant anna:

– Faglege rettigheiter
Spørsmål angåande dine rettigheiter knytta til eksamen, studiefinansiering (lån og stipend), studiemiljøet (skulens bygg, adkomstveier, opningstider o.l).

– Velferdsrettigheiter
Spørsmål angåande bolig, semesteravgift, forsikring, samskipnaden, rettigheiter ved sjukdom, funksjonsnedsetting og fødsels –og forsørgerstipend.

– Demokratiske rettigheiter
Spørsmål angåande studentrepresentasjon i diverse organ ved Høgskulen, stemmerett ved val og Volda kommune sitt ansvar i forhald til studentane sine rettigheiter.

– Rettigheiter i arbeidslivet
Mange studentar har jobb ved sida av studia. Vi kan hjelpe deg med spørsmål knytta til arbeidsplassen og arbeidsgiver sine lover og regler, samt dine rettigheiter som arbeidstakar.

Videre har vi samla litt informasjon om kven som gjer kva på Høgskulen, slik at det kan bli lettare for deg som student å vite kven du skal henvise deg til. Vi anbefalar deg likevel å kome innom Studenttings-kontoret dersom det er noe du lurer på.

Kven gjer kva på avdelingane?

Studiekoordinator – Alle studier ved høgskulen har ein studiekoordinator som er ansvarleg for det gjeldande studiet. I saker som angår studiet er det koordinatoren du først henvendar deg til. Når du ikkje fram her er det dekanen på avdelinga som er neste person i hierarkiet.

Dekan – Kvar av skulen sine fire avdelinger har ein dekan. Denne er avdelinga sin øvste ansvarlege når det gjeld alt som er fagleg relatert. Det vil seie at når du har ei sak som er av fagleg karakter kan du ta dette opp med dekanen på avdelinga di før du eventuelt tek den vidare.

Kontorsjef – Kvar avdeling har ein kontorsjef som er ansvarleg for det administrative på avdelinga. Dette betyr at på avdelingsnivå kan du snakke med kontorsjefen om det meste som ikkje er fagleg relatert.

Fagutval – Det er mange fagutval på skulen og regelen er at alle studentar skal vere tilknytta eit. Fagutvalet vurderar blant anna studiet sitt innhald, arbeidsmåtar og eksamen.

Kven gjer kva sentralt på Høgskulen?

Studieadministrasjonen: Har ansvar for alt studieadministrativt arbeid som opptak, eksamen og studentregistrering. Studieadministrasjonen har kontor i 3.etg på Berte Kanutte, og det er folk derfrå som bemannar studentkontoret i 1.etg på Berte Kanutte v/kantina.

Studentkontoret: Her får du hjelp til mange praktiske ting når det gjeld studia. Ligg i første etasje på Berte Kanutte og har opent 10- 15.

Helsetenesta: Her kan du få informasjon og veiledning om bl.a. kropp, seksualitet og sjukdommar, testing av klamydia, gratis kondomer og liknande. Helsesøster Ellen Engeset har kontor på Samskipnaden og er å treffe kvar mandag mellom 09.00-14.30.

Rådgivingstenesta: Kan hjelpe deg med ting som kan vere vanskeleg å kome gjennom på eigenhand. Tenesta er gratis og rådgivaren har teiesplikt. Studentrådgivaren heiter Eli Anne Løksa. Ho har kontor i Studentsamskipnaden sine lokal, og er å treffe mandag, onsdag og torsdag mellom 09.00-15.00.

Studentsamskipnaden: Driv med studentvelferd og har ein masse tilbod til studentane. Boligutleige, kantiner, bokhandel og helsetenester er bare nokon av tilboda. For meir informasjon gå på nettsidene til Studentsamskipnaden for Sunnmøre: www.studentsamskipnaden.no eller besøk dei på kontoret som ligg over vegen av innkjørselen til Høgskulen.

Orakel: Orakelet hjelp deg som student når du har problem med datautstyret på skulen. Kontoret finn du rett foran heisen i 3.etg på Berte Kanutte.

Driftsleiar: Leif Roar Strand har ansvaret for teknisk drift av høgskulen. Alle saker vedrørande bygningar og utstyr handterast her. Driftsleiar held til i 3.etg Berte Kanutte.