«Kunnskap for framtida»

Om Stiv

Studenttinget i Volda (STiV) er det øvste studentdemokratiske organet ved Høgskulen i Volda. Formålet med Studenttinget er å arbeide for alle studentar sine faglege, demokratiske, og sosiale rettigheiter. Dette inneber at vi bringer vidare saker og spørsmål studentane lurer på eller treng hjelp med, og som vi i Studenttinget vil prøve å løyse på best mogleg måte.

Struktur
Studenttinget består av to studentar frå kvar av skulens fire avdelinger, med resten frie, då til saman 11 stykker. Tinget drøftar og vedtek Studenttinget sitt syn og meningar på saker som angår studentane. Den daglege drifta har Studenttinget sitt arbeidsutval.

Arbeidsutvalet(AU) blir valt av Studenttinget og består av leiar, fagansvarleg, velferdsansvarleg, internasjonalt ansvarleg, informasjonsansvarlig, og entreprenør- og næringslivskoordinator. Desse jobbar med kvart sitt fagområde, men mykje av AU sitt arbeid blir og gjort i fellesskap. AU held til i Studenttinget sitt kontor i Berte Kanutte-bygget, og stiller meir enn gjerne opp dersom nokon treng hjelp.

Kvar haust vel vi nytt studentting og i løpet av året vel vi det nye AU.

Ta kontakt om du treng hjelp eller lurer på noko.