«Kompetanse for framtida»

Studenttinget

Studenttinget består av 22 medlemmar (11 hovedrepresentantar og 11 vararepresentantar og er det øvste organet i STiV. Det er desse som vedtek STiV sine vedtekter, strategiplan, arbeidsprogram og kva saker arbeidsutvalet skal jobbe med. Studenttinget har møte minst tre gongar på haustsemesteret og fire gongar på vårsemesteret. Desse møta er opne for alle, og alle studentar ved HVO har tale- og forslagsrett. Derimot er det berre Studenttinget som har stemmerett.

Vil du vere med i Studenttinget i Volda?

Det blir valt nytt Studentting i september kvart år. Alle studentar ved Høgskulen kan stille til val og få moglegheita til å bli ein del av Studenttinget. Dette er eit lærerikt, sosialt, og morosamt verv som opnar for mange moglegheiter ved sida av studia. Studenttinget har møte siste onsdagen kvar månad og vervet vil kun ta studentane omlag fire timar per månad. Har du lyst til å bli med eller treng meir informasjon kan du kome innom STiV-kontoret mellom 09:00 – 15:00!

STUDENTTINGET 2016/2017

Avdeling for mediefag (AMF):

Pernille Røe
Sindre Reinholt

Avdeling for kulturfag (AKF):

Herman Bjørneset Jensen
Anders Horvei

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL):

Nikolai Bjørnevik Flisnes
Trym Nikolas Rimmen

Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH):

Silje Brekka
Oda Næs Skoglund

Frie representantar:

Helene Larsen
Guro Kvist
Toril Hagen