«Kompetanse for framtida»

For tillitsvalde

Å vere tillitsvalt

Som tillitsvalt sitt du i Studentrådet, som og er underlagt STiV. Her har vi møter to gongar i semesteret, og vi er avhengig av dei tillitsvalte for å oppretthalde kommunikasjon med dei ulike klassene. På den måten legg vi grunnlaget for ein best mogleg studiekvardag for alle studentar ved Høgskulen.

Er du tillitsvalt for di klasse?

For at du som tillitsvalt skal utføre jobben din så godt du kan, har vi samla litt informasjon om det å vere tillitsvalt.

Som tillitsvalt har du påtatt deg oppgåven som talerør for dine medstudentar i klassa. Det er mange utfordringar man kan møte som tillitsvalt, alt frå det faglege innhaldet i undervisninga, til medstudentar som slit i kvardagen av ulike årsaker. Som tillitsvalt er du bundet av ei taushetsplikt, og den informasjonen du eventuelt får vite om skulen, medstudentar eller anna informasjon er noko du ikkje kan dele fritt med andre. Det å ha tillit hjå dine medstudentar er noko av det viktigaste du gjer som tillitsvalt.

Som tillitsvalt må du vere den som skal seie ifrå når dine medstudentar ønskjer nokon som kan tale si sak. Du må ikkje vere redd for å kunne snakke med lærarar eller andre tilsette ved Høgskulen. Men ikkje gløym at du alltid kan spørje oss i Studenttinget om hjelp og støtte. Her ved Høgskulen i Volda er det hovudsakleg fagansvarleg som følgjer deg opp som tillitsvalt dersom du ønsker det.

Vidare inneber det å vere tillitsvalt å ha ein open dialog med klassa di, og at du formidlar klassa sine meninger til oss i Studenttinget, enten på Studentrådsmøta eller ved å kome innom kontoret vårt. Vidare ønskjer vi og at informasjonen du får av oss kjem tilbake til klassa di.

Det å vere tillitsvalt er både spanande og morosamt, og vi ønskjer alle som inntek dette vervet lykke til, og oppfordrar igjen alle til å kome innom kontoret vårt – om du lurer på noko eller ganske enkelt har lyst til å snakke litt!