«Kompetanse for framtida»

Arbeidsutvalet

Arbeidsutvalet (AU) i Studenttinget i Volda består av seks engasjerte og ivrige studentar. Under finn du informasjon om dei ulike verva, og kontaktinformasjon til AU-medlemmane.

Leiar:

Navn: Karoline Strand

Studie: Master i samfunnsplanlegging og ledelse
Mobil98 46 46 74
Epost
: karoline.strand@gmail.com

– Som leiar av STiV skal ein først og fremst vere ansiktet utad. På same tid er det mi oppgåve å følgje opp resten av arbeidsutvalet og passe på at arbeidsoppgåver blir utført i henhald til budsjett og vedtekter. Mine hjartesaker dreier seg kort om studentanes beste velferd og ei meir fokusert kontakt med næringslivet. Mitt fokus for hausten 2015 vil vere å styrkje samarbeidet med våre partnarar i nærings- og arbeidsliv, samt sikre ein god dialog mellom dei og våre studentar.

Fagansvarleg / Nestleiar:

Navn: Lisa Storheim Kalvø

Studie: Personalutvikling og ledelse, norsk 2
Mobil: 95 11 02 80
Epost: lisak@stud.hivolda.no

– Som fagansvarleg i STiV er eg kontaktperson for alle tillitsvalte og har ansvar for å arrangere ulike kurs og aktivitetar både for dei, men og for resten av studentmassen. I tillegg fylgjer eg opp alle sakar som er relatert til studiekvaliteten ved Høgskulen. Dersom du har ei henvending angåande fag, karakterar, forelesarar, undervisning ol. så er det berre å ta kontakt. Eg er og nestleiar noko som vil seie at eg samarbeidar tett med leiar, og trer fram dersom ho er fråverande.

Velferdsansvarleg:

Navn: David Fiskaa

Studie: Planlegging og administrasjon
Mobil: 45 48 62 56
Epost: david_fiskogfugl@hotmail.com

– Som velferdsansvarleg i STiV brenn eg for at alle studentane i Volda skal ha det bra. Derfor skal du ikkje nøle med å ta kontakt dersom du ser noko som skapar mistrivsel. Eg jobbar også for at alle lag og organisasjonar ved høgskulen saman kan bli best mogleg. 
Eg er tilgjengeleg på dei fleste medium!

Internasjonalt ansvarleg:

Navn: Natalia Ramírez Garíca

Studie: Master i undervisning og læring, spesialpedagogikk
mobil: 41 60 21 01
Epost: Natalia.Ramirez.Garcia@hivolda.no

– Min stilling som internasjonalt ansvarlig består først og fremst av å vere her for alle dei internasjonale studentane på campus. Dei skal føle seg inkludert og hørt på like linje med dei andre studentane ved HVO. I samarbeid med internasjonalt utval arbeider eg for å sikre og ikkje minst betre både trivsel og rettigheiter for dei internasjonale studentane. Gjennom godt samarbeid med Pangaia jobbast det hardt for å få dei internasjonale studentane integrert med dei norske studentane. Eg skal også sikre HVO sine eigne studentar når dei er i utlandet.
Kom gjerne innom kontoret og slå av ein prat!

Informasjonsansvarleg:

Navn: Håvard Bjørnerem

Studie: Media, IKT og design
Mobil: 48 22 93 14
Epost: bjoernaem@hotmail.com

– Som informasjonsansvarleg har eg hovedansvaret for den daglege drifta og utforming av nettstaden, anna informasjonsarbeid, samt Studenttinget sitt bruk av sosiale medium.

Entreprenør- og Næringslivskoordinator:

Navn: Marie Havnsund

Studie: Master i undervisning og læring, norsk
Mobil: 41 67 50 98
Epost: marieh@stud.hivolda.no

– Som entreprenør- og næringslivskoordinator i STiV skal ein vere studentane sitt talerør ut til det lokale nærings- og arbeidslivet. Hovudoppgåvene er å samarbeide med StudiebygdA, Sunnmøre Kulturnæringshage, Volda Næringsforum, Volda kommune, Høgskulen i Volda, Hoppid og VRI. Eg skal mellom anna vere ein pådriver for innovasjon og entreprenørskap i Volda, og vere i dialog med studentar, høgskulen og næringslivet. Eg ynskjer å samle ei gruppe med studentar som kan arbeide med næringslivet eller bli med i lokallaget til Start Norge. Om du er interessert, er det berre å ta kontakt!

SEKRETARIAT:

Navn: Marit Aklestad
Stilling: organisasjonskonsulent
Tlf.: 70 07 51 51 / 916 94 698
E–post: stiv@hivolda.no / marit.aklestad@hivolda.no

 – Eg tek meg av det meste av det administrative ved Studenttinget i Volda, er møtesekretær og prøvar elles å ha kontroll på arbeidsutvalet! Eg har fast kontorplass på STiV-kontoret og tek i mot alle slags førespurnader frå studentane. Velkomen inn!