«Kompetanse for framtida»

Sei i frå!

For å hjelpe studentar på best mogleg måte, har Studentting sitt arbeidsutval(AU) starta opp eit «SEI IFRÅ»-system der ein kan sei ifrå om ulike forhold ved Høgskulen.

Som student eller ansatt ved HVO må du ikkje nøle med å benytte deg av dette skjemaet, og du kan sjølvsagt velje å vere heilt anonym. Det vil i mange tilfelle vere lettare for oss dersom du legg igjen namn og kontaktinformasjon, og på den måten vil du også kunne få tilbakemelding om kva vi vil gjere med det du melder frå om. Det viktigaste er likevel at de benyttar dykk av dette skjemaet, slik at vi kan ta tak i meldinga og gjere vårt for å forbetre studiekvardagen til alle studentar ved Høgskulen i Volda.

Meldinga vil bli motteke av eit medlem i AU, og vi vil gjere det vi kan for å hjelpe, eller eventuelt vidareformidle meldinga til den som er ansvarleg for det du melder frå om.