«Kunnskap for framtida»

Styringsdokument

Styringsdokumenta til Studenttinget legg dei overordna rammene for vår verksemd. Dei skal sikre at vi utfører arbeidet vårt på ein ryddig måte og i tråd med våre føremål. Nokre av styringsdokumenta vert reviderte kvart år, medan andre er meir langsiktige og sørgjer for at arbeidet vårt held ein raud tråd over tid. 

Vedtekter
Vedtektene er Studenttinget sitt overordna reglement og sørger for at verksemda vår vert utført i tråd med føremålet. Vedtektsdokumentet består av tre delar: del 1 - Vedtekter, del 2 - Møtereglement, del 3 - valreglement. 

Vedtekter for Studenttinget i Volda, sist revidert 29.03.17

Strategiplan
Er ein langsiktig plan som går over fire år og inneheld mål og strategiar knytt til Studenttinget sine hovudoppgåver. Planen er eit reiskap for å Den strategiske planen tydeleggjer hovudoppgåvene til STiV og skal vere eit reiskap for å nå STiV sine målsetjingar. 

Strategiplan 2014 – 2018

Strategy plan 2014-2018, english version 

Årleg arbeidsprogram
Dette dokumentet vert fornya kvart år og tek for seg Studenttinget sine sentrale oppgåver og fokusområder det komande året.

Arbeidsprogram 2017-18

Arbeidsbeskriving for arbeidsutvalet i Studenttinget 

Arbeidsutvalet i STiV består av fem verv: leiar, velferdsansvarleg, internasjonalt ansvarleg, fagansvarleg og informasjonsansvarleg. Dette dokumentet tek føre seg kvart enkelt medlem sine arbeidsoppgåver og ansvar. 

Arbeidsbeskriving for arbeidsutvalet i Studenttinget i Volda