«Kompetanse for framtida»

Permisjonar frå studiet

Du kan søkje om permisjon i studiet, dersom du har gode grunnar. Regelverket for permisjonar finn du § 4-12 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda 
Retten til fødselspermisjon står spesielt sterkt, og vert regulert av Universitets- og høgskulelova § 4-5: Rett til fødselspermisjon

For å få permisjon må du søke i forkant, og legge ved nødvendig dokumentasjon. Det kan vere legeattest eller liknande, men kan også vere studie-/ emneplan for eit planlagt studium. Det treng vi dersom du vil søkje permisjon for å ta valfrie delar av eit studium ein annan stad.

Søknadsskjema for permisjon 

Om du har problem med å opne skjemaet, kan du laste ned Adobe Reader.
Du kan også kontakte Studentsørvis for å få sendt søknadsskjema.

Skjemaet skal sendast til: Høgskulen i Volda, Studentsørvis, Postboks 500, 6101 VOLDA

« Tilbake