«Kompetanse for framtida»

Tilrettelegging

Studentar som gjer ei oppgåve


Har du dysleksi, kronisk sjukdom, psykiske symptom, eller andre diagnosar? Dersom dette virkar inn på studia dine, har du krav på at vi legg til rette, så langt som muleg og rimeleg. Vi kan ikkje senke faglege krav ved studia, men prøver å finne løysingar.
Studierettleiar Ingunn Teigen Blindheim er kontaktperson for tilrettelegging.

Tilrettelegginga tek utgangspunkt i kva som kan vere til hjelp for akkurat deg. Dokumentasjon er viktig, men også dine erfaringar.  Ofte har vi møte for å snakke  eksamen, lesing av pensum, undervising og praksis knytt til akkurat ditt studium - du kan seie frå om du ønsker eit slikt møte, eller berre å snakke med nokon.

Døme på kva tiltak som kan vere aktuelle:

  • Ekstra tid og/ eller bruk av PC på eksamen
  • Litt lenger tid på arbeidskrav
  • Hjelp til å søkje om lydbøker eller retteprogram for lese- og skrivevanskar
  • Utredning for dysleksi eller kognitive diagnosar
  • Tilvising til psykolog