«Kompetanse for framtida»
Volda University College

Tilrettelegging og rådgjeving

Studentar les samanStudierettleiing og tilrettelegging
Studierettleiar Ingunn Teigen Blindheim kan du snakke med om studie- og karriereval, oppbygging av grader, og anna som gjeld korleis du skal legge opp studia. Du kan også kontakte henne om tilrettelegging av studium og eksamen. Det kan vere aktuelt om du har sjukdom, allergi, dysleksi eller liknande som gjer det vanskelegare å studere. 
Les meir om tilrettelegging. 

Har du spørsmål om undervisning, pensum eller liknande? Du finn mykje informasjon i studieplanen for ditt studium, også kontaktpersonane for studia. Dei svarar best på faglege spørsmål.

Spørsmål om opptaksreglar, studiekompetanse, poenggrenser og liknande vil du få best hjelp med om du snakkar med nokon som arbeider med opptaket.

Rådgjeving
Av og til kan situasjonen din vere vanskeleg å takle på eiga hand, og du treng nokon å snakke med. Hos Studentsamskipnaden finn du ein rådgjevar, som kan hjelpe med spørsmål og problem. Her kan du kome med alle spørsmål - om kvardagen og studia, og og alt som virkar inn på korleis du har det.

Helsetilbod
Studentsamskipnaden tilbyr helsekasse som kan gje støtte til helseutgifter, briller, tannlege eller anna for studentane. Det er også tilbod om helsestasjon med rådgjeving om helse, prevensjon m.m.


«Til studiestartportalen