«Kompetanse for framtida»

Tilrettelegging

Studentar som gjer ei oppgåve


Har du dysleksi, kronisk sjukdom, psykiske symptom, eller andre diagnosar?
Dersom dette virkar inn på studia dine, vil vi prøve å legge til rette. Vi kan ikkje senke faglege krav, men ser etter fornuftige løysingar.
Studierettleiar Ingunn Teigen Blindheim er kontaktperson for tilrettelegging.

Tilrettelegginga tek utgangspunkt i kva som kan vere til hjelp for akkurat deg. Dokumentasjon er viktig, men også dine erfaringar.  Ofte har vi møte for å snakke om det som gjeld akkurat ditt studium. Det kan vere eksamen, lesing av pensum, undervising, gruppearbeid eller praksis. 
Ta kontakt, så ser vi etter løysingar i lag.

Tilrettelegging – korleis?
Hjelpemiddel ved tilrettelegging
Tilrettelegging av eksamen

 

TILRETTELEGGING – KORLEIS?

Først av alt må du seie frå om behovet for tilrettelegging, og ta med det du har av dokumentasjon. Kontakt Studentsørvis eller studierettleiar, så snakkar vi om vidare tiltak, ut frå dine ønske.

Det er ulike krav i studia, og det er nyttig å prate med nokon frå fagmiljøet. Difor vil vi ofte starte med eit møte der dei er med. Andre som kan vere aktuelle å be med, er rådgivaren frå Studentsamskipnaden, eller nokon frå eksamenskontoret.
Vi har teieplikt om alt du tek opp.

Tilrettelegging gjer ikkje at vi reduserer dei faglege krava, men vi ser etter løysingar knytt til undervising, oppgåver, praksis og eksamen.

Døme på kva tiltak som kan vere aktuelle:

- Ekstra tid og/ eller bruk av PC på eksamen

- Litt lenger tid på arbeidskrav

- Tiltak knytt til undervisinga, i samarbeid med forelesar

- Hjelp til å søkje om lydbøker eller retteprogram (LingDys)

- Utredning for dysleksi eller kognitive diagnosar

- Tilvising til psykolog

- Tilgang til bibliotek via heis - snakk med bibliotekskranken om dette

 

HJELPEMIDDEL VED TILRETTELEGGING

Lydbøker frå NLB - Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek

NLB er eit nasjonalt bibliotek, med lyd- og blindeskriftbøker. Alle som har ein diagnose som virkar på leseferdigheitene, konsentrasjon el.l. har lånerett. Det kan gjelde svekka syn, dysleksi, ADHD, Asperger, m.m. Dette må bli dokumentert av fagperson - les meir her:  http://www.nlb.no/ny-laaner/hvem-kan-laane/

Vil du ha hjelp til å søkje om lånerett hos NLB? Då kan du kontakte rådgivar ved Studentsamskipnaden eller nokon i biblioteket.

Skanning av tekst til digital tale

På biblioteket er det utstyr for å skanne pensumlitteratur til ei lydfil. Du må ha stadfesting frå lege, logoped e.l. for å kunne bruke dette utstyret.
Du kan berre skanne til privat bruk i studiet ditt. Les meir om dette på Clara.no                         
Viss du vil ha tilgang til dette, kan du kontakte studierettleiar Ingunn Teigen Blindheim i Studentsørvis, tlf 70 07 52 90.

På biblioteket vil du få ei rask innføring i bruk av utstyret. Ta kontakt med:
Kirsti Langstøyl, tlf. 70 07 54 72 / e-post langstoe@hivolda.no
Jens Martin Welle, tlf. 70 07 53 41 / e-post jmw@hivolda.no 

Skanneutstyret er i eit eige rom (filmrommet) i 2. etasje i biblioteket. Når du har lært å bruke utstyret, kan du reservere rommet og bruke utstyret når det passar for deg.


Hjelpemiddel

Hjelpemiddelsentralen tilbyr mellom anna utvida retteprogram (LingDys), som kan hjelpe mange med lese- og skrivevanskar. Dette programmet og andre hjelpemiddel kan du søkje om, dersom du treng det. Du kan også få hjelp til å søkje om dette, ved å vende deg til Studensamskipnaden sin rådgivar.


Tiltak frå NAV

Nav har ulike støtteordningar, men dei fleste vert berre gitt til studentar som tek utdanninga som arbeidsmarkedstiltak gjennom NAV. Eit døme på dette er mentor.


Mentor

Mentor er ei ordning gjennom NAV for studentar som har behov for tilrettelegging, slik at dei får ein assistent i studiearbeidet sitt ved høgskulen. Nav skriv dette om ordninga.

Det er ikkje mange som får mentor, men nokre kvart studieår. Mentoren skal hjelpe ein student med faglege, sosiale eller praktiske utfordringar, ut frå studenten sine behov. Dette kan vere alt frå å prate om korleis ein organiserer studiekvardagen, til å hjelpe med notering. Mentor vert tildelt i samarbeid mellom høgskulen og NAV, og studenten styrer mykje korleis mentoren skal jobbe. Rammene for avtalen vert evaluert og revidert undervegs, dersom behovet endrar seg. Dette skjer i samråd med studenten og mentoren.

Ein mentor er ikkje tilsett ved høgskulen, men får likevel betalt honoraret sitt gjennom oss – mentoren er oppdragstakar. Dette betyr at det ikkje gjeld vanlege vilkår om ferie og arbeidsmiljø – arbeidstida vert avtala med studenten, ut frå behov. Det vert avtala eit visst tal timar pr. veke/ månad, og mentor har timebetaling for dette, men får ikkje utbetalt honorar når studenten har ferie, er sjuk, eller ved anna varsla fråvær for studenten.

Oppdraget vert godtgjort med kr 171,- pr. time - regulering 1. juli kvart år.

Du finn meir informasjon om ikkje-tilsette arbeidstakarar/oppdragstakar i Skatteetaten si brosjyre “Arbeidstaker eller næringsdrivende” på skatteetaten.no

Det er ofte ein student på eit høgare kull som vert valt til mentor, men personlege eigenskapar tel mykje i tillegg til fagleg kunnskap. Dersom du er interessert i å jobbe som mentor, kan du sende ein søknad: Søknadsskjema

Treng du noko som ikkje er nemnt her? Ta kontakt, så ser vi kva vi kan få til.

 

TILRETTELEGGING AV EKSAMEN

Du finn meir informasjon om tilrettelegging av eksamen her