«Kompetanse for framtida»
Volda University College

Første veka i Volda

 Her er link til sida for registrering


Offisiell opning
Det er offisiell opningsseremoni for haustsemesteret 2015 tysdag 18. august klokka 12.00 ved Berte Kanutte-huset. Kl 13.15-14.15 er det avdelingsvise informasjonsmøte - sjå nedanfor. Sjå elles program for dagen.

Oppmøte til ditt studium
Møt opp til det tidspunktet som er oppgitt for studiet ditt for å få viktig informasjon knytt til studiet og undervisingsopplegget, pensum, og praktiske forhold. Ikkje alle studium har informasjonsmøte - sjå www.hivolda.no/praktiskinfo om kva som gjeld for deg.

Fadderveka
Ønskjer du ein god studiestart der du raskt blir kjent med studentmiljøet? Fadderveka er startstreken for studietida, med minne for livet. Du og klassen din blir møtt av ein hyggeleg fadder som følgjer deg gjennom den første veka, med ulike aktivitetar, der dei fleste finn noko dei likar. Program kjem på www.fadderveka.no.

Studentkort
Studentar som kan møte til fotografering i Volda kan få studentkort
Studentkortet er nøkkelkort på campus, lånekort på biblioteket, og styrer tilgang til kopimaskin og printer. Første veka får du studentkort i 2. etg. på Berte Kanutte-huset. Elles kan du få tak i studentkortet i Studentsørvis i Berte Kanutte-huset.

Semesterkvittering
Du får semesterkvittering automatisk når du har betalt semesteravgift og er ferdig å registrere deg. Før 15. august sender vi den til heimeadressa di, etter det til semesteradresse (viss du har registrert det i StudentWeb).
Les meir om semesterkvittering.

Er du nettstudent?
Er du student på nettstudium? Du må betale semesteravgift, og registrere deg, på lik linje med studentar i Volda. Dette gir deg tilgang til e-læringssystemet Fronter. Der finn du informasjon om studiet og undervisningsaktivitetane, delt inn i "rom" for kvart emne. Du får tilgang til dei emna du har registrert i StudentWeb.