«Kompetanse for framtida»

Kva kan eg?


Mange som studerer er usikre på om dei lærer noko dei faktisk kan bruke i arbeidslivet. Det kan vere nyttig å tenkje gjennom kva evner du faktisk utviklar gjennom studia dine, og som ein arbeidsgivar kan sjå etter. Gjennom å studere lærer du meir enn sjølve pensumet.

Her er nokre eksempel på kva ein arbeidsgjevar kan sjå etter:

  • Korleis du tar imot, sorterer og handterer informasjon
  • Dine analytiske evner
  • Din kreativitet
  • Di evne til å resonnere
  • Viser du evne til logisk tenking?
  • Kan du lytte?
  • Er du i stand  til å avgrense?
  • Din allmennkunnskap, og om du er samfunnsorientert
  • Har du forståing for verksemda og bransjen?
  • Har du tankar om etikk i arbeidet?
  • Stiller du relevante spørsmål?
  • Tør du å stole på deg sjølv?
  • Korleis presenterer du det du vil ha fram?
  • Klarer du å halde tida?