«Kunnskap for framtida»

Forsikring for studentar

Studentar ved Høgskulen i Volda er ikkje forsikra via skulen. Du som er student og ynskjer ei fullgod dekning dersom du blir skada, må teikne eiga privat forsikring.

Studentar som er med i folketrygda, er yrkesskadedekka gjennom dei ordinære ordningane der. Dette vil seie at ein er dekt for yrkesskader som skjer på skulen i undervisningstida, på praksis, under ekskursjon, på lesesal eller feltarbeid. Ei yrkesskade gjeld både uhell, sjukdom og skade.

Studentar som får skade utanfor skulen sine arrangement, vil ikkje kunne nyte godt av særfordelane ved yrkesskade gjennom folketrygda. Erstatning i slike saker vil være avhengig av skuldfordelinga i den enkelte situasjonen. Dersom ein ikkje har teikna ei privat forsikring i ein slik situasjon, må ein kontakte sitt lokale NAV-kontor for meir informasjon om rettar og plikter.