«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Om eksamensdatoane ved Høgskulen i Volda

Her ved Høgskulen i Volda vert eksamensplanen kunngjort i føregåande semester. Eksamensdatoane vert kunngjort i Studentweb og på høgskulen sine nettsider. Det er den einskilde student sitt ansvar å sjekke datoane for dei emna ein melder seg til, og sørge for at det ikkje blir kollisjonar.

I forkant av kvart studieår vert det vedtatt ein «Kalender for studieåret» som gir oversikt over viktige fristar og datoar i det komande studieåret. Denne vert kunngjort på Høgskulen i Volda (HVO) sine nettsider i god tid før semesterstart.

I denne kalendaren finn ein m.a. opplysningar om eksamensperiodane ved HVO, og som student ved HVO må ein rekne med at eksamen vert lagt innanfor desse periodane.

eKSAMENSPLAN FOR ORDINÆRE EMNE HAUSTEN 2014

EKSAMENSPLAN FOR KONTINUASJONSEMNE HAUSTEN 2014

EksamensPLAN FOR ORDINÆRE EMNE VÅREN 2015

Kontinuasjonseksamenar vil bli avvikla i veke 40 og veke 10 studieåret 2014-2015. Det kan førekome unntak.

Romplassering:

Romplassering for skriftlege eksamenar hausten 2014
NB! Romplassering gjeld berre fagleg tilsette, studentane skal sjekke si romplassering i StudentWeb