«Kompetanse for framtida»

Høgt oppe med filmproduksjon

Publisert: 28.06.2017 11:05 av Per Straume

Han har filma for verdas beste regissør av ekstremsportfilmar lenge før han er ferdig med utdanninga si i Volda. Men aller helst vil Matias Myklebust vidareutvikle produksjonsselskapet sitt og få sine eigne filmar ut i verda.

matias1_620.jpg
                                                                                                                                         Foto: Andreas Orset

I 2010 gjennomførte Matias sin første topp­tur på ski – litt tilfeldig fall valet på Sunnmørs­alpane. Oslo-guten vart biten av basillen med ein gong. Etter det har turane blitt mange, og opplevingane desto fleire. Høge tindar, bratte fjell­sider og puddersnø blei ein hobby. Ja, nesten meir enn det. Nærmast ein livsstil.

Filmproduksjon og fotografering var ein hobby Matias hadde frå før. Han starta sitt første firma rett etter at han begynte på vidaregåande skule, og leverte både filmar og foto til små og større bedrifter rundt om i landet. Etter kvart vaks ideen om å smelte dei to interessene saman fram – kvifor ikkje filme medan han var på topptur på ski?

Få fleire innblikk i kvardagen til studentar i Volda her.

MANGE OPPDRAG

Den glupe tanken fekk endå meir næring då han for to år sidan flytta til Volda og begynte å studere Media, IKT og design (MID) med spesialisering i medieproduksjon.

– Kombinasjonen av å vere i fjellet og skape og dele noko av det eg opplever er heilt fantastisk. Då får eg vist fram kor fint ein kan ha det på tur og ikkje minst den fine naturen, seier Matias.

I Volda fann han også likemenn – som delte interessene hans. Etter kvart utvikla det seg, og i lag med klassekamerat Hallstein Mala starta han opp Ranglefant Film AS. Til hausten tek dei begge til på det tredje og siste året på bachelorgraden i MID, men har allereie skaffa seg kontor i Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda og driv firmaet derifrå.

– Vi har begge ein lidenskap for fjell og ski, og har mest lyst til å lage skidokumentarar. Men vi må også ta på oss andre oppdrag for å få litt pengar inn i kassa. Den siste jobben vi gjorde var for destinasjonsselskapet 62° Nord, som er store på reiseliv og aktivitetar her på Sunnmøre. Vi har nok av førespurnadar no under studietida.

VANN PRIS

Så fort han har anledning og ver- og føre­for­hold spelar på lag er Matias raskt ute av døra for å nytte alle dei moglegheitene naturen på Sunnmøre byr på. Med på turen er som oftast eit film- eller stillkamera. Og ein god student­venn eller ti. Sjølv omtalar han seg som frilufts­livs­student, som tek medieutdanning på si, sjølv om han ikkje har eit einaste studiepoeng i fri­lufts­liv på vitnemålet.

Men friluftslivsstudentar har han fått godt venn­skap med – og god hjelp av. Fleire som studerer friluftsliv var aktørar i filmen ”Vår beste dag” av Matias Myklebust, med hjelp frå andre MID-studentar til produksjonen. Filmen stakk av med sigeren i ein konkurranse arrangert av skimagasinet Fri Flyt.

– Det er den største bragda eg har vore med på. Det var eit 100 prosent studentprosjekt med alt frå skikøyrarar til oss som filma og produserte – det er kult! Når vi vann den konkurransen fikk vi vere med filmturneen til Fri Flyt som ein av tre filmar og vist fram filmen vår på 13 stader i Noreg.

matias3_620.jpg
                                                                                                                                           Foto: Kyrre Buxrud

Skistjerne med på laget

Dermed fekk mange med seg filmen, også ein av Noregs mest kjende frikøyrarar, Karsten Gefle. Den no Ålesund-busatte adrenalin­jegaren er langt meir kjent utanfor heim­landet enn her heime for sine  stunt i nokon av dei største ski­filmane i Europa. ”Vår beste dag” imponerte Gefle, og han sa seg meir enn gjerne villig til å vere med på Matias sitt neste film­prosjekt. Eit prosjekt som gikk gjennom heile vinteren og delar av våren, og som Volda-studenten håpar å ha klar i månadsskiftet september-oktober.

– Det var utrolig moro at Karsten Gefle ville vere med oss. Det har vore mykje hardt arbeid, med rundt 30 dagar i fjellet i vinter. Vi har mellom anna følgt Karsten Gefle med helikopter i fjellet og prøvd å dokumentere kvifor han trivst så godt i Fjord-Noreg. Men i tillegg til skikjøringa vil vi også lage noko meir og annleis. Vi vil kome under huda på skikøyrarane, og få svar på kvifor dei tek dei vala dei tek. Gefle har til dømes to døtrer heime. Kvifor tøyer han då grensene så hardt og lever litt ”på kanten”? Det er noko vi håpar skal fenge eit større publikum enn den klassiske personen som ser skifilmar, forklarar Matias.

På grunn av ein vinter med til dels dårlege snø­forhold har Matias vore lettare bekymra for prosjektet meir enn ein gong. Men i tillegg til turar opp til dei høgste og mest ekstreme fjella i Sunnmørsalpane på ski, har dei også fått filma padling i naturskjønne Hjørundfjorden, klassiske vårskiturar, pudderkjøring i skogen og vinter­klatring med stegjern og isøks. Til saman sit han på 15 timar med råmateriale, som skal ende opp i anten ein dokumentar­film eller dokumentarserie.

ETTERSPURD AV LEGENDE

Og står filmskaparen frå hovudstaden fast i arbeidet med å velje mellom film eller serie, kan han kanskje slå på tråden til verdas mest kjende regissør av ekstremsportfilmar – franskmannen Thierry Donard. Gjennom Karsten Gefle, som sjølv har budd i vinter­sports­eldoradoet Chamonix i dei franske alpane i 10 sesongar, kom Matias i kontakt med Donard. I over 30 år har Donard laga filmar med esktremsportutøvarar både på vinter- og sommars­tid. Han lagar mellom anna ein film årleg til ekstremsportfilmfestivalen Nuit de la Glisse, som har premiere i Paris og vert vist i heile Europa.

Donard har også late seg imponere av naturen på Sunnmøre, og då dei var avhengig av hjelp under filming vart Matias anbefalt av Karsten Gefle. Dei to dagane på Øye i Hjørundfjorden var Matias` første møte med Donard, som han sjølv kallar ”ein legende av ein regissør”. Sidan har kontakta vorte utvida.

– Eg var ei veke i Frankrike i vinter og arbei­dde for han. Då hadde han behov for ein fast fotograf til å filme ein reklame­film for eit kles­merke. Då filma vi frå helikopter i alpane i Sveits. Alle seta vart rivne ut av heli­kopteret og dørene fjerna, slik at vi kunne filme. Eg sat der og beina dingla ut av helikopteret, det var ganske vilt, fortel Myklebust, som hadde filma ein gong frå helikopter tidlegare her heime i Noreg.

matias2_620.jpg
                                                                                                                                           Foto: Kyrre Buxrud

Etter det har det ikkje stått på førespurnader frå Donard og hans selskap.

– Dei lurte på om eg kunne kome ned til Frankrike ei veke til i vinteren som gjekk, i till­­egg ville dei også ha meg med til Tahiti for å filme, men eg måtte takke nei på grunn av skule og eksamenar. No har Donard allereie spurt om eg vil jobbe for dei neste vinter.

– Kva tenker du om desse førespurnadane og erfaringa du får?

– Det er veldig gøy å bli spurt og at dei er så gira på å ha meg med på laget. Det viser at folk har trua på meg og eg får vere med på å skape internasjonal suksess i Alpane.

VIKTIGE KONTAKTAR I VOLDA

Erfaringa frå arbeids­livet er viktig for Matias, men han ville ikkje ha vore skule­gangen og student­­­miljøet i Volda for utan.

– Eg har lært mykje teknisk om filming og andre ting gjennom studiet. Eksamenen no til våren var til dømes ein drama­­produksjon der vi i klassa skulle samarbeide. Vi lærte mykje før eksamenen, men perioden på fire veker med inn­­speling var like lærerik. I tillegg var det noko eg ikkje hadde vore borti før, eg filmar mest ute i naturen der ein ikkje brukar kunstig lys­setting. Å samarbeide med skodespelarar og det med plan­legging var også heilt annleis. Det er erfaringar eg er glad for å ha fått med meg, seier Matias, som set stor pris på dei han studerer med: 

– Det viktigaste eg har fått i Volda er kontak­tane. Når klasse­kameratane mine og andre eg har blitt kjend med kjem seg ut i jobb, har eg eit stort nettverk å spele på.

Dei kan kome godt med når Matias vil fortsette å utvikle sitt eige firma. Han held hardt på ønsket om å vere sin eigen herre i arbeidslivet.

– Eg vil drive for meg sjølv eller i kompani­skap med andre. Det er mykje på grunn av lysta på å ha stor inn­verknad på kva som vert produsert, og ikkje vere ei brikke i eit stort spel. Eg vil leve av eigne idear og produksjonar i fram­tida, men er klar over at eg må ta det steg for steg. Kanskje må ein til dømes lage ein del filmar for nærings­livet for å bygge seg opp litt kapital i starten, før ein kan gå fullt inn på det ein drøymer om. Og då tenker eg ein kombinasjon av ski­filmar og dokumentar­filmar, eg er interessert i menneske og har lyst til å presentere interessante historier, seier 24-åringen som sjølv har fått ein interessant start på si livshistorie.