«Kompetanse for framtida»

Masteren som gir ein så mykje

Publisert: 28.06.2017 08:40 av Per Straume

Samstundes som John-Ove Verkland vart meir analytisk og fekk betre skriveferdigheiter, lærte han også mykje om ulike kulturar gjennom masterstudiet Nynorsk skriftkultur. No føler han seg klar for læraryrket og vil halde fram som hobbyforfattar på si.

verkland_620.jpg

Sidan vidaregåande skule har John-Ove hatt ein draum om å verte lærar, og språkfaga var noko han fall tidleg for. Men langs med lærardraumen har det også vokse fram ein forfattarspire. På vidaregåande fekk han publisert sine første noveller og kunne kalle seg forfattar. Og fleire noveller har det vorte etter det, men læraryrket har han ikkje kunne kryssa av på lista. Den milepælen er truleg rett rundt hjørnet – etter å ha gjort ferdig masteren i Nynorsk skriftkultur og samstundes Praktisk-pedagogisk utdanning – er han no klar til å stå bak kateteret.

– No føler eg meg klar til å verte lærar. Eg har utvikla meg mykje i løpet av dei to siste åra når eg har tatt masteren. Eg forstår så mykje meir og føler meg meir reflektert, det er enklare å forstå analytisk tankegang no. Til dømes har ein del teori verka fjern og uforståeleg før, men no kan eg stille kritiske spørsmål og få meir ut av teorien, fortel Verkland.

Les meir om masteren Nynorsk skriftkultur og søk her.

Nynorsk skriftkultur kan ein ta på heiltid (2 år) og deltid (4 år).

MANGE SPRÅK, IDÉAR OG TANKAR

Som sykkylving og med stor interesse for språk tok Verkland til på bachelorgraden Språk og litteratur ved Høgskulen i Volda etter at han var ferdig med vidaregåande skule.

– Høgskulen i Volda vart eit enkelt val for meg etter som det låg så nærme heimplassen min. Då starta eg på vegen mot å verte lærar og ville også utvikle meg som skrivar. Det med skrivinga av litterære tekstar skaut ordentlig fart når eg kom til Volda.

Nynorsk skriftkultur falt også etter kvart på plass som eit naturleg val når John-Ove bestemte seg for å ta ein mastergrad. Kombinasjonen av nynorsk, litteratur og kultur var det han fall for.

– Det er i stor grad ikkje eit studium om berre nynorsk, det er eigentleg eit studium om skriftkultur. Med skriftkultur meiner eg ulike språk, litteratur, idéar og tankar. Vi har til dømes hatt forelesingar om gresk og latin, sett på korleis dei språka har fungert opp gjennom tida, kva som vart skrive og personane bak språka. I det heile har vi sett på starten av språk med latin og fram til nynorsken kom på midten av 1800-talet, fortel Verkland.

TRENGER IKKJE VERE I VOLDA

Som tidlegare nemnt tek utdanninga for seg meir enn språk og litteratur.

– Studiet er mykje eit kulturstudie. Vi tok mellom anna for oss spenning mellom minoritetar og majoritetar, og såg på fenomenet på alle måtar i samfunnet. Da dukka spørsmålet om nynorsk er ein minoritet opp.

Det første året i masterprogrammet er lagt opp med tre vekesamlingar per semester og inneheld fire ulike emne. I det avsluttande andre året skal studentane skrive ei masteroppgåve som tel 60 studiepoeng. For John-Ove som gifta seg og flytta til Florø vart oppgåva for det meste skrive heimanfrå.

– Det har gått veldig fint. Eg har fått rettleiing over e-post og telefon, som har vore praktisk for meg. Det er ingen problem å bu ein annan plass når ein skal skrive masteroppgåva. Eg gjekk saman med fleire som budde i Oslo og pendla til Volda og samlingane det første året, medan dei skreiv oppgåva frå Oslo det andre året.

FEKK STIPEND FOR BARNELITTERATUROPPGÅVE

Å finne ut kva ein vil skrive om i ei masteroppgåve kan vere ei hard nøtt. For John-Ove fall det tidleg på plass.

– Det fann eg ut rett etter at eg starta på masteren. Det Norske Samlaget lyste ut masterstipend etter som dei fyller 150 år i 2018. Dei ønska oppgåver som kasta lys på forlaget og litteraturen deira, og eg var ein av tre heldige som fekk eit stipend på 30 000 kroner.    

«Tradisjon og normbrot i nynorsk barnelitteratur» vart oppgåva heitande. Prosjektet endra seg ganske mykje undervegs. Verkland seier sjølv at han var for fokusert på teorien i starten, men kom seg etter ei stund inn på ein annan kurs og fekk fullført med glans.

– Tittelen på oppgåva seier ein god del om innhaldet. Eg analyserte fire barnebøker av Rasmus Løland, Einar Økland, Ragnar Hovland og Jon Fosse – ei bok frå kvar av dei. Dette er også kjende forfattar som også har skrive og skriv vaksenlitteratur.

– Kva konkluderte du med i oppgåva?

– Dei fire verka eg tok for meg har lagt lista litt høgare og er skrive som vanleg litteratur, med mange moglegheiter for tolking. Det er ikkje nødvendigvis slik at alt er så lett å forstå i barnebøker, og dei er ikkje så harmoniserande som ein kanskje skulle tru. Ikkje alle har ein lukkeleg slutt, for å seie det slik.

SAMANHENGAR

No er Verkland spent på arbeidslivet, noko han har fått ein smakebit på gjennom praksis i skulen i Praktisk-pedagogisk utdanning som han også er ferdig med.

– Eg ser betre samanhengar mellom ulike språk og kulturar. Det kan vere mellom tysk og engelsk eller gresk og norsk. Språk utviklar seg ved at folk utvekslar tankar, seier John-Ove når han delar sine siste tankar med oss i denne omgang.