«Kompetanse for framtida»

Kaarstadfestivalen 2017

Publisert: 23.05.2017 11:45 av Per Arne Brandal

– Studentar og tilsette ved Avdeling for kulturfag ønskjer alle velkomne til ei veke med konsertar, utstillingar, teaterframsyningar og kulturcafé, seier førstekonsulent Catarina Andersson. Kaarstadfestivalen 2017, den tredje i rekka så langt, tek til søndag 28. mai.

Kaarstadfestivalen har som mål å skape ein arena, eit utstillingsvindauge og ein møteplass der dei dyktige og kreative studentane ved drama og teater, kunst, formgjeving og handverk, musikk, medie- og kommunikasjonsteknologi kan møte publikum gjennom ei rekkje ulike kulturarrangement av høg kvalitet, seier Catarina Andersson.

– Dei fleste arrangementa skjer i Henrik Kaarstad-huset, men noko av programmet er lagt til studenthuset Rokken, Gamlegymnaset i Volda (Maurtua) og Brakketun, opplyser Andersson. Sjå kart.

Pa_trappa_620.jpgØnskjer publikum hjarteleg velkomne til Kaarstadfestivalen 2017. Frå venstre: Stein Helge Solstad, Ann-Sofi Nærø Ytterland, Eivind Karlsen, Catarina Andersson , Sondre Grimstad Arnesen og Robin Winsrygg.

Drama

I førestillinga ”Grab ‘em by the blomkål» ønskjer førsteklassa ved Seksjon for drama og teater å undersøkje parallellar mellom mellomkrigstida i Tyskland og vår eiga samtid.

«Grab ‘em by the blomkål» er ei førestelling fritt etter den tyske dramatikaren Bertolt Brecht sitt stykke Arturo Ui.  Stykket syner på ein satirisk måte  korleis Hitler kom til makta i Tyskland. Brecht flytta historia om Hitler, riksdagsbrannen og dei lange knivars natt til grønsaksmarknaden i ein middels stor by. Med dette latterliggjerande grepet seier Brecht at historia om Hitler eigentleg ikkje er unik, men at det som skjedde kunne ha skjedd kvar som helst og når som helst, og ikkje minst at det kan kome til å skje igjen. Dette stykket er difor like mykje ei åtvaring som det er en komedie.

Teater_620.jpgDramastudentane med viktig kommentar i stykket "Grab 'em by the blomkål".

Vil bli smed

Eivind Karlsen går tredje året på bachelorutdanninga i kunst og handverk. Under Kaarstadfestivalen 2017 skal han mellom anna vise fram arbeid som han har laga i smia i ein av dei mange verkstadane i Kaarstad-huset.

– Eg likar å jobbe med metall på den gamle måten. Etter eg er ferdig med utdanninga mi her i Volda ønskjer eg skape meg ei eiga verksemd der eg vil arbeide med tre og metall, seier han. 

Eivind_Karlsen_620.jpgEivind Karlsen stiller ut arbeid under Kaarstadfestivalen 2017.

Konsertar

Årets festival byr på heile sju konsertar frå studentar ved musikkutdanninga. Konsertane er ein del av den endeleg bacheloroppgåva i siste året av den treårige bachelorutdanninga.

Sondre_og_Robin_620b.jpgSondre Grimstad Arnesen (til venstre) og bandet hans skal framføre eigenkomponert musikk inspirert av musikalske førebilete som Thomas Dybdahl, Prince og Bowie. Robin Winsrygg med band skal framføre musikk av Steely Dan, Toto og Michael Jackson. – I bacheloroppgåva mi har eg sett på kva musikalske element som er viktig å legge vekt på i framføringa av andre komponistar sin musikk., seier han.

– Her får publikum høyre alt frå bluegrass til heavy metal, seier seksjonsleiar ved musikkseksjonen Stein Helge Solstad.

Konsertane vert avvikla på Rokken og i den nye konsertsalen i Henrik Kaarstad-huset.

– Det tek berre fem minutt å gå mellom desse lokala, så det er råd å få meg seg ei heil konsertrekkje desse dagane sjølv om konsertane er på to ulike scener, seier han.

Foto, kunstutstillingar og filmsnuttar

Under det meste av festivalveka kan publikum sjå utstilte fotografi og kunst på Maurtua (Gamlegymnaset i Volda), i Kaarstad-huset og i Brakketun.

KH-620.jpgI Kaarstad-huset kan ein sjå utstillinga Creative Commercial Photography. På Maurtua og i Brakketun vert det utstillingar av studentarbeid i ei rad ulike teknikkar.

Program

Søndag 28. mai

19.00: Stanislavskijsalen (teatersalen i Kaarstad-huset) Teater: Grab ‘em by the blomkål

Mandag 29. mai

08.00-16.00: Kaarstad-huset ved verkstadane Utstilling: Creative commercial  photography

11.00-18.00: Kaarstad-huset (K100) Café Kaarstad. Gratis kaffi og vaflar.

11.00-18.00: Kaarstad-huset (K100) Filmsnuttar: Prosessarbeid av “Objekt i rom”

12.00: Stanislavskijsalen (teatersalen i Kaarstad-huset) Teater: Grab ‘em by the blomkål

18.00-19.00: Gamlegymnaset (Maurtua) Opning: Utstilling av studentarbeid

19.00: Stanislavskijsalen (teatersalen i Kaarstad-huset) Teater: Grab ‘em by the blomkål

Tysdag 30. mai

15.30-19.00: Gamlegymnaset (Maurtua) og Brakketun Utstilling: Studentarbeid ved kunst og handverk

08.00-16.00: Kaarstad-huset ved verkstadane Utstilling: Creative commercial photography

18.00: Rokken Konsert: Christoffer Jensen

19.00: Konsertsalen, Kaarstad-huset Konsert: Arne Langeland

20.00: Rokken Konsert: Olai Tomasgard

21.00: Konsertsalen, Kaarstad-huset Konsert: Joar Sæten Birkeland

Onsdag 31. mai

08.00-16.00: Kaarstad-huset ved verkstadane Utstilling: Creative commercial photography

15.30-19.00: Gamlegymnaset og Brakketun Utstilling: studentarbeid ved kunst og handverk

16.00: Rokken Konsert: Sondre G. Arnesen

17.00: Rokken Konsert: Erik Vinje

18.00: Rokken Konsert: Robin Vinsrygg

Torsdag og fredag  1. juni og 2. juni

18.00: Gamlegymnaset og Brakketun Utstilling: Studentarbeid ved kunst og handverk

08.00-16.00: Kaarstad-huset ved verkstadane Utstilling: Creative commercial photography

...

KF-program-plakat-kalendar.JPG

Glimt frå Kaarstadfestivalen 2016