«Kompetanse for framtida»

Jostein Fet æresdoktor ved UiB

Publisert: 10.04.2017 12:55 av Per Arne Brandal

Jostein Fet (1924) er forskar, forfattar, kulturhistorikar, folkemusikar og tidlegare dosent og undervisningsleiar ved Høgskulen i Volda. Fet har levert ny innsikt i norsk kulturhistorie gjennom mange litteratursosiologiske forskingsarbeid. No er han utnemnd som æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

I samband med utnemninga av æresdoktor Jostein Fet vert det halde innlegg om norsk lærdomshistorie og samfunnsmodernisering med utgangspunkt i produksjonen hans.

J_Fet__620.jpgJostein Fet blir tildelt det største heidersteiknet eit universitet kan tildele ein person.

Ein æresdoktor skal ha utmerka seg ved viktig vitskapleg innsats eller framifrå arbeid til det beste for vitskapen. I år utnemner Universitetet i Bergen éin æresdoktor etter framlegg frå kvart av dei sju fakulteta, samt rektoratet.

Det humanistiske fakultet har utnemnt Jostein Fet og inviterer til eit fagleg program om Jostein Fet sitt virke, med eit sluttinnlegg frå æresdoktoren sjølv. Sjå programmet her.

Om Jostein Fet

Jostein Fet har levert ny innsikt i norsk kulturhistorie gjennom dei mange litteratursosiologiske forskingsarbeida sine, og har på eit viktig punkt revidert norsk historieskriving: Norske bønder på 1700- og tidleg på 1800-talet eigde bøker og var langt meir lesande og skrivande enn norske historikarar tidlegare har framstilt dei som. Dette har han funne ved å gå igjennom fleire tusen arveskifteprotokollar og anna kjeldemateriale.

Fleire av bøkene hans er blitt ståande som viktige referanseverk i norsk og skandinavisk litteraturforsking.

Jostein Fet utmerkjer seg også ved ei imponerande publikasjonsliste frå tida etter han vart pensjonist i 1990. I tillegg til litteratursosiologi har han også levert bidrag innan andre område av nordistikken, som terminologi og stadnamn, og innanfor folkemusikkhistorie. Han har alltid vore ein omtykt føredragshaldar, ikkje minst fordi alle føredrag og skrifter er konsekvent forma i eit språk som er lett tilgjengeleg også for interesserte utan akademisk bakgrunn.

Les meir om Jostein Fet i Allkunne, Store Norske Leksikon og Wikipedia.