«Kompetanse for framtida»

Nynorsksenteret vert overført til Høgskulen i Volda

Publisert: 24.03.2017 15:10 av Per Arne Brandal

Høgskulen i Volda har vore vertsinstitusjon for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) heilt sidan etableringa i 2005. Frå 1. januar skal HVO overta også det faglege ansvaret, og både oppdrag og finansiering skal frå då av inkluderast i HVO sitt oppdragsbrev.

Tidlegare har senteret vore fagleg underlagt Utdanningsdirektoratet, og fått eige oppdragsbrev og eiga løyving til drifta.

Endringa i organiseringa av alle dei ti nasjonale sentera er foreslått i Stortingsmeldinga Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen (Meld. St. 21 (2016-2017), som vart presentert 24.3.

Roppen_Dimmen_620.jpgHVO-rektor Johann Roppen og senterleiar Torgeir Dimmen veit førebels lite om kva konsekvensar denne nye organiseringa vil får for aktiviteten ved Nynorsksenteret.

– Signala så langt er at Nynorsksenteret får dei same oppgåvene innanfor Høgskulen i Volda som vi har hatt under Utdanningsdirektoratet, seier dei.

– Vi reknar i alle fall med at det ikkje vil bli store endringa på kort sikt.

Det som står om dette i Stortingsmeldinga er svært knapt, og KD skriv at dei vil ha «dialog med vertsinstitusjonene og de nasjonale sentrene for å komme frem til hvordan vertsinstitusjonene kan overta det faglige ansvaret».

Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen, og har som mandat å bidra til auka kvalitet i arbeidet med nynorsk i barnehagen og grunnopplæringa. Senteret skal vidare bidra til interesse og motivasjon for nynorsk i barnehagen og grunnopplæringa.

Dei siste åra har senteret hatt 10-12 tilsette og 8-9 årsverk. Saman med Aasentunet, Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda utgjer Nynorsksenteret ei fagleg kompetanseklynge med 30-40 fagfolk på nynorsk i forsking, utdanning og formidling.

pressefoto

Torgeir Dimmen og Johann Roppen