«Kompetanse for framtida»

Ope hus på formgjeving, kunst og handverk

Publisert: 03.03.2017 11:10 av Per Arne Brandal

– Dette skal bli ei saks, seier Eivind Karlsen mens han hamrar laus på eit jarnemne so gneistane fyk. Seksjon for formgjeving, kunst og handverk opna torsdag dørene til dei ulike verkstadane for publikum som fekk sjå mange fine arbeid innan tre og metall, teikning, keramikk og tekstil.

Vil starte eiga verksemd

Eivind Karlsen går tredje året på bachelorutdanninga i kunst og handverk.

– Eg er glad i kunst og handverk, og eg har lyst til å skape meg ei eiga verksemd der eg vil arbeide med tre og metall, seier han.  

Eivind_Karlsen_620.jpgEivind Karlsen med god fyr i kolhaugen.

Pensjonist med handlag

Ein av dei som kom innom i går, var Arve Nilsen frå Dalsbygda i Volda. I ein samtale med faglærar Thorstein Vasset viste han fram eitt av arbeida sine, eit fat laga av selje.

Arve_Nilsen_Thorstein_Vasset_620.jpgArve Nilsen i samtale med Thorstein Vasset.

– Desse fata dreiar eg heime, og mønsteret er skore ut med kniv, seier han til Vasset som let seg imponere av kvaliteten på arbeidet.

Fornying

Cecilie Hustad har i si bacheloroppgåve teke føre seg ein gammal teknikk kalla sveipeteknikk. Her former ein tynne treemne til bruk til øskjer, tiner, boksar osv.

Cecilie_Hustad_620.jpgTo tre-entusiastar, Arve Nilsen og Cecilie Hustad,  deler kunnskapar.

– Eg har lyst til å kombinere denne gamle teknikken og treverket med nye og meir moderne materialar, men kva produkt og prototypar eg tenkjer å lage er per dato litt hemmeleg, seier Cecilie lurt.

Vil bruke kompetansen i omsorgsarbeid

Anna Kjellevold tok til på si bachelorutdanning i kunst og handverk i fjor haust.

Kjellevold_620.jpgAnna Kjellevold teiknar stilleben.

– Eg har lyst til å utdanne meg innan helse og omsorg, og eg vil bruke kompetansen eg får her i omsorgsarbeid, kanskje som aktivitør, seier ho. 

Valørar

I eit rom med mange flinke teiknarar finn vi Stine Steig arbeider med bacheloroppgåva si.

ugle_620.jpgUgle, kaffi og "shades of brown".

– Eg arbeider med akvarellar der eg brukar berre ein farge og ulike valørar av den. Brunfargen eg brukar på denne ugla eg teiknar er faktisk kaffi, seier Stine og ler.

Stine_Steig_620.jpgStine Steig i full sving med bacheloroppgåva si.

Video

Les meir om studietilboda.