«Kompetanse for framtida»

– Feira NOKUT-akkreditering

Publisert: 24.11.2016 14:10 av Per Arne Brandal

NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen) gav i går tilsegn om akkreditering av dei nye grunnskulelærarutdanningane 1-7 og 5-10 ved Høgskulen i Volda. – Vi har fått stadfesta at vi har ei god og tradisjonsrik lærarutdanning, seier rektor Johann Roppen.

Femårige lærarmasterar frå 2017

Frå hausten 2017 vert det innført femårig masterutdanning for alle grunnskolelærarar. Dei nye femårige lærerutdanningane får same namn som i dag: Grunnskolelærarutdanning for trinn 1 til 7 og Grunnskolelærarutdanning for trinn 5 til 10.

Rektor_Johann_Roppen_620.jpg

Rektor Johann Roppen oppfattar svaret frå NOKUT som eit endeleg ja. – Dei dyktige fagfolka våre har jobba godt med søknaden om akkreditering. Vi er blant dei tre første i landet som har fått dette kvalitetsstempelet, seier han. 

Høgskulen ved avdeling for Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) har i haust jobba intenst med å tilpasse lærarutdanningane i Volda til den nye reforma, så det positive svaret frå NOKUT utløyste difor ein spontan kakefest på avdelinga.

Aalde_Roppen_Oie_Myklebust_620.jpg

Feirar med kake. Frå venstre studieleiar Oddvar Aalde ved AHL, rektor Johann Roppen, prodekan Anne Øie og dekan Arne Myklebust.

– Det er ein glad, letta og takknemleg dekan som ønskjer velkomen til denne feiringa, sa ein rørt dekan Arne Myklebust ved AHL som retta ei stor takk til sine tilsette for det store arbeidet som er lagt ned i søknadane om akkreditering av dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane i Volda.

Føresetnaden for ei endeleg akkreditering er at høgskulen tilset professor II og dosent II i matematikkdidaktikk.

–Høgskulen i Volda sitt styre vil formelt tilsette i desse stillingane i neste styremøte den 7. desember. Det betyr at vi i realiteten er i mål, sa ein tydeleg nøgd Myklebust.

Dei nye grunnskuleutdanningane

I dei nye grunnskuleutdanningane ved Høgskulen i Volda kan du velje følgjande masterfagstilbod:

  • Grunnskulelærarutdanning 1.-7. årssteg: norsk, matematikk og spesialpedagogikk.
  • Grunnskulelærarutdanning 5.-10. årssteg: norsk, matematikk, spesialpedagogikk, engelsk og samfunnsfag.

Høgskolen i Østfold og NLA Høyskolen har også fått godkjent sine lærarmasterar frå hausten 2017.