«Kompetanse for framtida»

Hjelp oss med å ha eit godt trådlausnett ved Høgskulen !

HVO har som mål at det trådlause datanettet(Eduroam) skal vere av svært god kvalitet.(English version)

Med god kvalitet meiner ein eit nett der brukarane opplever god fart, at nettet er tilgjengelig over alt alltid, og at datatryggleiken er god for brukarane.
Eksplosjonen i tal på telefonar, paddar og pc'ar som koplar seg til trådlause datanettet , gjer at det kan vere ei utfordring å nå dette målet.

Med bakgrunn i dette, fører IT-avdelinga tilsyn med Eduroam for å sikre at tryggleik og kvalitet på nettet til ei kvar tid er så god som råd er. 

Av den grunn er det innført forbod mot bittorrent då slik datatrafikk tek mykje av kapasiteten i trådlausnettet.

Studentar og tilsette som skal hente ned/laste opp store mengder data skal bruke fastnettet.

Ekstrem upload/download av data, vil kunne medføre at brukarar vert stengt ute frå trådlausnettet i kortare eller lengre tidsrom. Slik utestenging kan i enkelte tilfelle skje utan vidare varsel.

Studentar kan då bruke pc’ar på klasserom/undervisningsrom, og tilsette sin pc knytt til fastnettet.

Vi viser elles til:

Viktig info om pc-bruk : http://www.hivolda.no/nyn/for-studentar/it_tenester/viktig-info/om-pc-bruk

Policy for informasjonssikkerhet : http://www.hivolda.no/nyn/for-studentar/it_tenester/viktig-info/sikkerhetspolicy

IT-reglement : http://www.hivolda.no/nyn/for-studentar/it_tenester/viktig-info/sikkerhetspolicy