«Kompetanse for framtida»

Pilotmidlar

Pilotmidlane skal stimulere til auka bruk av digitale verktøy i opplæringa ved Høgskulen i Volda og til kompetanseutvikling mellom tilsette. 

Digital teknologi opnar handlingsrommet til dei som underviser ved å gi nye mulegheiter for å støtte studentane i læringsarbeidet. Pilotmidlane skal medverke til å utvikle høg utdanningskvalitet ved HVO ved at fagleg tilsette får prøve ut nye digitale verktøy i opplæringa og utvikle nye læringsdesign. Piloten skal utviklast i samarbeid med støtteeininga for e-læring ved IT-kontoret.

HVO skal i følgje strategiplanen vidareutvikle fleksible og distanseovergripande studietilbod av høg kvalitet, og pilotmidlane skal medverke til å oppfylle denne målsetjinga.

Kva kan ein søke støtte til?

1. Utviklingsprosjekt som gjer bruk av digitale verktøy i opplæringa, til dømes:

  • Utprøving av teknologistøtta læringsdesign 
  • Utvikling og vidareutvikling av fleksible vidareutdanningstilbod 
  • Samarbeid med arbeidslivet/praksisfeltet om nye kurs eller studietilbod
  • Gjere bruk av ny programvare i opplæringa
  • Teknisk hjelp til bruk av ny teknologi
  • Frikjøp av tid til å skrive søknad om eksterne midlar til utvikling av utdanningskvalitet

2. Kompetanseutviklingstiltak knytt til auka digital kompetanse i undervisninga, til dømes studietur og deltaking på konferansar og seminar.
Delar av søknadssummen kan gå til å dekkje utstyr som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet, men det vert ikkje høve til å søke om midlar til teknisk utstyr og programvare åleine.


Frå pilot til praksis

Pilotane skal medverke til å utvikle undervisningspraksisen ved HVO. Det er ein føresetnad at både prosess og resultat vert dokumentert i form av ein sluttrapport. Det vert også forventa at ein presenterer prosjektet på nettstaden til HVO og tek del i erfaringsutveksling for kollegaer internt på høgskulen.

Tildeling av midlar

Søknadsfrist to gongar årleg 22. april og 15. oktober

Rektor og direktør tildeler midlar til utviklingsprosjekt på bakgrunn av innkomne søknader og saksutgreiing skriven av støtteeining for e-læring. Maksiumsbeløp pr søknad er kr 100 000. Det vert sett ei bagatellgrense på kr 30 000 pr søknad til utviklingsprosjekta.


For stønad til deltaking på konferansar kan ein søke midlar fortløpande. Støtteeining for e-læring kan tildele inntil kr 10 000 til kompetanseutviklingstiltak.
Total ramme: 400 000 pr år.

Kven kan søke?

Fagmiljø ved Høgskulen i Volda. Søknaden skal forankrast hjå næraste leiar med budsjettansvar. I forkant av søknadsfristen vert det gitt tilbod om søknadsrettleiing.

Ordninga med pilotmidlar varer ut 2017, og det vert vurdert om ordninga skal
vidareførast våren 2017.

Lenke til søknadsskjema

Kontaktinformasjon: beta@hivolda.no


Informasjonshefte for nedlasting