«Kunnskap for framtida»

Office 365 for studentar

Office 365
Studentar ved HVO har gratis tilgang til Office 365 med Outlook e-post, kalender og kontakter. Også Onedrive med 1 TB lagringsplass er inkludert, samt Office Online(Web Apps) og Skype for business for telefoni/videomøter.
Brukarnamn til Office 365 kontoen din er lik epost-adressa du får ved HVO
Eks.: donaldd@stud.hivolda.no

Microsoft Office 2016 Pro til privat PC/Mac - Gratis !

Frå Office 365 portalen kan du gratis laste ned og installere heile Office 2016 pakken. Den er tilgjengelig både for PC, Mac og nettbrett. Du kan installere på max 5 samtidige maskiner.
Dette er med i pakken du kan laste ned.
Logg på Office 365.

E-post

I Office 365 får du tilgang til din e-post i Outlook. Her har du ein personleg kalender, kontaktliste og oppgåveliste. Du kan og legge inn andre e-postkontoar du har, t.d. G-mail eller Hotmail.
Skype for business
Med Skype kan du kommunisere med lærarrar og medstudentar via hurtigmeldingar, telefoni og videosamtalar.
Ein kan ta del i elektroniske møter og kan dele skjerm med andre i samme samtale.
Dette er eit nytt verktøy for samarbeid mellom studentar og studentar og tilsette.
OneDrive
OneDrive for business er ein lagringsplass i "skya", som gjer at du får tilgang til dokumenta dine frå kvar som helst berre du har Internettilgang.
Alle studentar får 1 TB gratis lagringsplass.
Office Online(Office Web Apps)
Du kan redigere og lage nye dokument i Ondrive. Dette gjer du via Web Apps direkte i nettlesaren din, og er aktuelt å gjere dersom du ikkje har installert Office 2016 på Mac/Pc'en.

Les meir om Office 365
Brukarrettleiingar finn du her.